Fusgur logo

Mahayana

Oktober 2013

Mahayana

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Japansk/kinesisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Fusgur kom seg ned att til sentrum for å utfordre smakslaukane på Mahayana, eit relativt nytt tilskot til restaurantstammen i Oslo. MO: Oj, det var større enn eg trudde. 2 etasjar?

Lokalet er innbydande og hyggjeleg, og særs sentralt i Stortingsgata - eit steinkast frå Rådhuset. Og alt anna, for så vidt.

Sidan SD var litt på etterskot grunna lesefeil om tidspunkt, satsa vi på vente- og forrettar sidan Solveig skjelv av svolt og vi innser at her er det inga tid å miste!

EV og Sandra gjekk for den spanande glasnudlar av søtpotet, medan MO og Solveig delte ein porsjon vårrullar. Rett etter bestillinga var gjort, kom SD fykande inn døra, og vi var fulltallige rundt bordet.

Sandra: Är dette sötpotatis...? Det är jo inte rosa eller nånting sånt her? Jag tykte det smakte glasnudlar, kanske lite smak också, faktisk.
EV: Ja, det var litt skuffande på smak, det smakte eigentleg mest av sesamfrøa - dei var gode, men framleis litt kjipt til å høyres så spanande ut. Kor er peanøttsausen? Eg trur dei har droppa den til fordel for sesamolje. Denne smaker iallfall berre sesam.

MO og Solveig gafla i seg vårrullane på rekordtid, og det var gode vårrullar med litt sterk og god saus til.

Til hovudrett gjekk MO for Kam Kon Pot, ei blanding av kongereker, lammefilet, kyllingfilet og oksefilet med sopp og i ein klassisk saus, SD satsa på malaysisk lammefilet, EV og Solveig gjekk begge to for den klassiske Gong Bao medan Sandra gjekk for andebryst.

Solveig: Han gløymde å spørje om vi ville ha mild eller medium ...
EV: Håper det vert litt sterkt utan å vere for sterkt.
MO: Szechuansk mat er vel kjent for å vere sterk, så mild er sikkert det samme som medium.

Maten kom fort på bordet, servitørane fylde på med vatn undervegs og var generelt særs oppmerksame.

Restauranten tilbyr mat frå ekstra mild til sterk, og vi fekk nok alle mild variant - som er god på smak utan å vere så sterk at den tek knekken på våre nordiske smakslaukar.

Alle fekk smake overalt det dei ville, og bortsett frå at MO lot soppen vere att grunna preferansar, så fekk alle meir enn nok mat til å bli mette.

MO: Eg har no smakt på alt det vi har kjøpt her, og kan konstantere at det er alt GODT!!!
EV: Med hovudrettar til rundt 200 kr er det hakket dyrare enn mange kinasjapper, men heilt klart betre kvalitet enn dei fleste. Og service.
SD: Jeg tror det er de som eier Oriental som driver her, faktisk. Men jeg må få si at jeg synes det er bedre her enn der, faktisk. Var litt skuffa over Oriental sist, tok veldig lang tid med alt - her gikk det jo utrolig fort!

Kun MO og Sandra prøvde seg på dessert, MO på kvit og mørk sjokolademousse, medan Sandra fekk ein grøn te-tiramisu.
Sandra: Ja, den va god - den smakte faktisk mycket grøn te!
SD: Så bra at du har grønn te å drikke ved siden av også, da - jeg fikk jo en hel kanne med te, og kan lett dele dette selv om jeg er glad i te!
Sjokolademoussen fekk også ståkarakter, og alt forsvann på mystisk vis..

Karakter: M
Lokalet er veldig flott, sjølv om det kanskje kjennest litt for stort med to etasjar. Servitørane er oppmerksame utan å vere påtrengande, ikkje noko problem å splitte rekninga eller å FÅ rekninga. Maten er over gjennomsnittet god i denne sjangaren, og til og med dessertane er særs vellykka - det er ei kjær forandring til den klassiske friterte bananen som synast å regjere ellers. Det er ikkje noko problem å kome attende her!





Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I wasn't sure wh
Jace 26.12.2016

I wasn't sure where to post this, so forgive me if this is in the wrong section, but I wanted to ask do you check youtube suspended accounts? Youtuber JoSmtyhnoonh got suspended a little while ago and he has always used copyright free music and has recommended channels of people he watched on the youtube site and the community would really like to see him back. All his friends and subscribers would like to find out what happened to his channel. (He was my fifth subscriber). By the way, this is HaleyMary from youtube.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no