Fusgur logo

Issho

November 2024

Issho

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Japansk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del. Diverre var det kun høgbord med tilhøyrande høge stolar som var greia her, og det kan ofte bu på litt utfordringar med ryggar og div. men denne gongen gjekk det høveleg bra.
Servitøren var på plass og ville SVÆRT gjerne selge inn ein tasting-meny, og etter eit avslag såg vi han knapt igjen og han var heilt klart ikkje veldig gira på at vi skulle velge smårettar sjølve... Men, dette er vi rutinerte på så det vart som vi ønska.

Det vart bestilt ymse, både dirty padrons, kveite, kaarage, lam og iberico yaki. Her trur vi fisken og kaaragen vann, den låg på ein graskarpurè og hadde noko smørsaus rundt om - men som AH seier "eg ser jo ikkje kva som er på tallerknen? Kva et vi, eigentleg?"
Vi set rett og slett pris på å kunne sjå skilnaden på dei ulike matrettane. Er det fisk? Tilbehør? Kjøt? Bordpynt? Kven veit!

Vi klarte å dele rettane sånn nokonlunde, og vart heilt ok mette. Varierande mat, er kanskje meir ein stad ein går for å drikke og ta litt mat ved sidan av. Desserten inntok vi på Fyret, då ikkje noko av det på menyen klarte å freiste oss.


Karakter: G
Eit par av rettane var veldig gode, men det var litt stive prisar for slike smårettar så vi er usikre på om det var verdt det. Absolutt ein type stad ein kan våge seg på om ein vil ut på eventyr, men vi er rett og slett litt pirkete på lys, lyd og sitjeforhald til å gi full pott.

Kommentarer




Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024
Rugantino
Koseleg lokale på Youngstorget, sentralt men litt anonym inngong - vi såg fram til vårt første møte på lenge!
September 2024
Indian street food & co
Vi vasa oss utover mot Sørenga, men denne restauranten ligger så nærme Bjørvika ein kan kome på denne sida - stort potensiale om nokre år til utsikta men per no er det ikkje heilt super stemning utandørs der ein får bygningsområdet rundt rett i fleisen. Og monsterbygget også kjent som Munch-museet...
Mai 2024

Overvåket av vakthund.no