Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Ikkje beste plasseringa i byen men det er kanskje det som trengst? Inne er det lunt og fint, og vi har høyrd rykter om ein veldig innafor bakgård men denne var det ikkje høve til å teste i oktober... Ein får jo skuggesida av Oslo rett i fleisen på veg hit, og må gå sikksakk mellom nokon av Oslo sine meir slitne borgarar.
Det vart bestilt andebryst, torsk, rødbeterisotto med geitost og brød med smør rundt bordet. Vi forsøkte oss på ein ovnsbakt camembert men den var utsold. Og torsken synte seg å ikkje ha tilbehør med, men heldigvis kunne servitør opplyse om dette ved bestilling slik at det også vart sørga for ein tilleggsrett.
Vi venta langt og lengre enn langt på brødet... Det kom saman med hovudrettane, ikkje eit superbra trisk når ein har utsvolte gjestar rundt bordet! Det var også relativt små porsjonar, men vi veit ikkje om dette er grunna reduksjon i pris eller om det var slik før dei kutta prisnivået sitt. Ein ting var sikkert, maten var skikkeleg god!
Andebrystet var mørt og fint, potetpureen var nok tilsett raust med smør, torsken var litt tørr og i overkant salt, rødbeterisottoen var nydeleg på smak.
SJ og MO våga seg til å dele ein tiramisu til dessert, det gav seg sjølv då vi fekk beskjed om at den andre desserten ikkje kunne serverast då ismaskina var øydelagt. Det var nemleg sjokoladefondant med søtpotetis som var alternativet, spanande! Men tiramisuen var knallgod, fleire hakk betre enn ved vårt forrige besøk på Rugantinos, det var vi samde om.
Karakter: M-
Litt vel treig service, og det å servere alt på ein gong er litt håplaust. Brød og liknande må jo vere høveleg greit å klaske på bordet før varmmaten? Men, dette er gode smakar for pengane, og sjølv om svoltne mannfolk ikkje hadde blitt mett på ein hovudrett her, er prisane låge nok til at dei kan bestille to hovudrettar og framleis vere nøgd. Det synte seg også at vi hadde bordet i under 2 timar, så då det nærma seg tida vår, kom servitøren og informerte om at dei hadde folk som venta. Det kunne med fordel vore opplyst om i bestillinga, tenkjer vi, det er ikkje heldig å føle at ein vert kasta ut heller.
Kommentarer
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Koseleg lokale på Youngstorget, sentralt men litt anonym inngong - vi såg fram til vårt første møte på lenge!
September 2024
Vi vasa oss utover mot Sørenga, men denne restauranten ligger så nærme Bjørvika ein kan kome på denne sida - stort potensiale om nokre år til utsikta men per no er det ikkje heilt super stemning utandørs der ein får bygningsområdet rundt rett i fleisen. Og monsterbygget også kjent som Munch-museet...
Mai 2024