Fusgur logo

Zio Pizza

Februar 2025

ZiO Pizza

Beliggenhet:   Marienlyst
Kategori: Pizza
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris. Det vart bestilt vegetar, parma, ZiO spesial med chilihonning, kyllingpizza, porchetta-pizza og reinsdyrpizza. Ein servitør kom og sa frå om at pizzaene var i ovnen og snart var klare, og ønska oss eit godt måltid. Pluss i margen!

Pizzaen kom etter kvart på bordet, og her var det store sprang på fornøgdheitsskalaen.
ZiO spesial kom med advarsel om at det var sterkt, men vi kan vel bekrefte at denne typen sterk kan dei fleste tåle ganske greit, og vi har jo eit par i gjengen som er ekstra sensitive og kan bekrefte dette. Ndujaen bidrog litt til å dra opp kryddernivået, men det var langt frå det vi forventa av spice.

Den heimelaga kyllingpølsa på pizzaen kunne også ha fått litt ekstra krydder og smak i seg, men porchettaen var veldig god på smak. Reinsdyr og parma var også sikre vinnarar, og restane av vegetarpizzaen kom med i hundepose og fekk nytt liv som lunsj dagen etterpå. Botnen var god og tynn på alle pizzaer, men med mykje mat måtte enkelte prioritere bort skorpene for å få plass til sjølve fyllet.

Karakter: M-
Pizzaene var gode, men vi meiner stort sett det finst betre alternativ i byen. Nokre av dei vi smakte kan vi fint leve utan å nokon gong smake igjen, medan andre var gode nok til ei runde til.

Lokalet er ikkje det mest koselege vi har vore i, og akustikken kunne nok drege fordel av litt lyddempande bruk av tekstilar og liknande - her er det ikkje enkelt å høyre kvarandre. Benkane vi sat på var også relativt harde, dei er nok ikkje på jakt etter kundar som vert sitjande lenge. Stort pluss med oppmerksam servitør som kom med ekstra vatn, spurte korleis det smakte og ikkje laga noko styr ut av separate betalingar, noko som ofte kan oppfattast som brysamt.

Kommentarer




Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024
Rugantino
Koseleg lokale på Youngstorget, sentralt men litt anonym inngong - vi såg fram til vårt første møte på lenge!
September 2024

Overvåket av vakthund.no