Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Og det var lurt! Sjølv om det var folk her, så var det ikkje sprengfullt. Servitøren kom raskt på plass, og vi fekk bestilt oss dumplings til forrett som vi delte (flaks med talet 3!) så gjekk vi for bulgogi og to ulike versjonar av "koreansk fried chicken" - ein spicy variant og ein ikkje-spicy, for dei meir sarte av oss.
Maten kom fort på bordet, og innan timen hadde gått hadde vi både ete og drukke oss mette og fornøgde!
All mat var god, rett og slett. Her kan vi lett kome attende på privaten for det er meir som bør prøvast!
Karakter: M+
Lokalet er kanskje ikkje det mest lune, og beliggenheita er ikkje topp - mykje trafikk utanfor, her går det i full fart! Dette er ikkje ein stad vi berre ville ramla innom, men det er kjekt å få oppleve slike stader også. Det var verdt turen!
Kommentarer
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024
Koseleg lokale på Youngstorget, sentralt men litt anonym inngong - vi såg fram til vårt første møte på lenge!
September 2024
Vi vasa oss utover mot Sørenga, men denne restauranten ligger så nærme Bjørvika ein kan kome på denne sida - stort potensiale om nokre år til utsikta men per no er det ikkje heilt super stemning utandørs der ein får bygningsområdet rundt rett i fleisen. Og monsterbygget også kjent som Munch-museet...
Mai 2024