Fusgur logo

Amundsen Bryggeri

Oktober 2013

Amundsen Bryggeri og Spiseri

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Pub
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Før hausten og vinteren fekk satt inn turboen, tusla den harde kjerne innom Amundsen Bryggeri og Spiseri for å prøve ut kva dei kan by på, i tillegg til den særs lange lista med spanande øl. EV: Trur det var bra vi bestilte bord, ja, det er faktisk ganske fullt - trur nokon måtte snu i døra no.

Vi fekk bestilt oss noko spanande øl, men etter nokre minutt kom servitøren tilbake og beklaga at Amundsen Pale Ale ikkje var tilgjengeleg før om 20 min - og det hadde ikkje nokon tid til, så eit alternativ kom raskt på bordet.

MO: Ganske stive prisar på øla her. Ein ting er jo at spesialøl er dyrt, men Hansa fatøl bør vel ikkje koste ei formue uansett??

EV gjekk for svinenakke med sauerkraut og poteter, SD for BBQ pulled pork medan IV og MO delte slider med lam, slider med pulled pork, pommes frites med urtemajones og fritert kylling med dip - såkalla delerettar på menyen.

Etter ei stund som kjendes lang og lengre enn langt for svoltne fusgurar, dukka servitøren opp med maten. I ettertid fann vi nok ut at det gjekk 35 min, som også er i hakket over det vi ønsker å vente på pubmat.

MO: Eh, eg bestilte berre EIN porsjon slider på deling...?
MO trudde servitøren hadde misforstått og kome med to porsjonar, sidan dei skulle dele.
Servitøren forklarte at det er to stk i kvar porsjon, så det gjekk strålande.
IV: Ja, då har vi vel nok mat vil eg tru....

SD: Mmmmm den majonesen var fantastisk god!! Og den dipen smakte jo mye mer blåmugg enn den blåmugg-coleslawen jeg fikk til min pulled pork! Veldig godt. Men kjøttet mitt var veldig godt, denne kan jeg lett anbefale. Synes ofte at pulled pork kan bli litt tørt og kjipt, men dette var noe helt annet.

EV: Og dette er jo husmannskost, men absolutt god mat - og solid porsjon. Det er bra.

MO: Eg må nedprioritere brødet på desse sliderane her, og går for kun kjøt og tilbehør. Blir for mykje.
IV og MO delte ut pommes frites til dei som ønska, og det var meir enn nok mat i omlaup for alle saman.

Diverre tok det nok ein gong laaang tid før vi fekk sjansen til å betale, noko som heller ikkje trekker opp. Med så mykje folk som vil inn, så løner det seg å halde eit auge med bord som er ferdig med mat og vil betale, så ein får dei ut og nye kundar inn.

Karakter: M
I kategori pub-mat, må vi vel seie at dette skårar bra. Som vi diskuterte under middagen, det blir feil å samanlikne denne maten med til dømes Mares, men til å vere pub med solide porsjonar så kan vi lett ete her igjen. Det einaste som trekkjer ned, er ei vanvittig høg prising på øl av alle slag, samt at det var vanskeleg å få tak i servitørar for både bestilling, øl og mat. Og, høgt lydnivå! Dette er ikkje staden du går for å snakke med dei i andre enden av bordet, du har ein omkrins på dei ved sidan av deg før du må bøye deg over og heve stemma. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
At last, sonemoe com
Teiya 25.12.2016

At last, sonemoe comes up with the "right" answer!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no