Fusgur logo

Lokk (NEDLAGT)

August 2013

Lokk

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Suppe
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein tysdag i august, prega av ustabile vêrtilhøve, kom vi oss inn på Lokk, ein mykje omtala liten restaurant i sentrum som satsar på supper. Spanande! MO: Det er freistande med dagens 3-rettar, men eg trur faktisk ikkje eg har plass?
SD: Hva er det til dessert? Isperfekt?
MO: Anar meg at dei er morosame og har oversatt parfait...

EV: Eg trur eg satsar på dagens suppe. Maissuppe med estragon og krabbe ser spanande ut.
MO: Eg har lyst på nesten alt! Men, kva er eigentleg kval med svineknokemajones...?
EV: Ja, då eg såg det var kval på menyen tenkte eg på mannen med ein gong - han elskar kval! Men den majonesen veit eg lite om, kanskje det er eit tema?

MO og SD gjekk for kokossuppe med holtekylling og nudlar, EV på dagens og Solveig bestemte seg for lysing - dagens hovudrett. Medan vi venta på maten, kom det noko godt brød med ein klatt lysegult og ein klatt irrgrønt smør på bordet.

MO: Mmm det var veldig godt brød, litt usikker på kva det grøne er men det lysegule er heilt klart sitron.

Vi slapp å vente veldig lenge på maten, men svoltne som vi var byrja tålmodet å ta slutt ganske kjapt.

MO: EV, eg lurar på om eg får dyppe skeia mi - heilt ubrukt - i suppa di for å smake berre litt?
EV: Sjølvsagt, vær så god.
MO: Mmmm den var god... men eg er godt nøgd med mi suppe også, veldig god på smak!
EV: Det er nokon på kjøkkenet som kan å lage mat. Og dei har vore raus med ingefærbitar, urter og krabbe i suppa mi.
Solveig: Fisken var fin. På ei seng av ertepurré. Det er ikkje berre suppe dei kan her!

Då servitøren satte fiskeretten til Solveig på bordet, sa ho at det var lange. Lysing? Lange? Er det skilnad? Kva var det eigentleg som vart servert? Vi får nok aldri vite svaret..

SD: Jeg var bare ikke helt begeistra for all den korianderen som flyter rundt her.
MO: Ikkje eg heller, men heldigvis var det store bitar og enkelt å plukke ut. Men, det stod ikkje på menyen eit knyst om korkje koriander eller sopp!
EV: Koriander er kjempegodt! Men, det verkar som det er anten eller. Likar ein det ikkje, så likar ein det verkeleg ikkje.
SD: Nei, det smaker såpe.
Solveig: Er det tomt for vatn? Var ikkje heilt enkelt å få oppmerksomheit frå servitøren for påfyll..

Lokalet var ganske fullt, og fleire vart avvist i døra, så vi var glade vi hadde bestilt bord. Gode anmeldingar i tidsskrift og på nett har nok gjort sitt til at folk strøymer til Lokk.

Vi måtte alle seie nei til kaffi og dessert, det var berre ikkje den største plassen igjen etter eit flott måltid, så vi gav opp bordet vårt til nokre svoltne medmenneske, og tusla vidare til Santinos for ein kaffi etter kvart.
MO kjøpte med oksegryta heim til mannen, og kan bekrefte at dette også vart suksess. Oksegryta var god, potetmosen var også god - og bonus å få med brød og smør i tillegg.

Karakter: M+
Lokalet er litt kafèaktig, så nokon stad for lengre, romantiske dikkerier er det ikkje. Men, dei har lite på menyen så det vesle dei har, verkar det som dei har stålkontroll over! Kan ikkje anna enn å anbefale staden, og dristar oss til å påstå at det kan bli besøk på privaten også. Verdt pengane, pluss for ta-med-alternativet!





Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
As I learned from yo
Jaelyn 26.12.2016

As I learned from your site, the sek;da’os stanzas address a subject from different points of view, which you do perfectly here. You couldn’t have found a better photo to go with this poem.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no