Fusgur logo

Gunsmoke (NEDLAGT)

Juli 2013

Gunsmoke (nedlagt)

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: American diner
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein onsdag i juli - vi veit det var juli, for det stod på kalenderen, men elles kunne det like gjerne vore i mars - kreka vi oss til Løkka for å prøve ut Gunsmoke, den amerikanske dineren som prøvar å gå Nighthawk Diner i næringa. MO: Litt slitsamt når dei berre har små båsar, blir fort trongt med meir enn 4 pers. Men, det går jo seg til.
IV: Eg har kun vore her og teke nokre forfriskningar, men det blir spanande å sjå korleis maten er også.
SD: Jeg er sulten. Sulten. Veldig.

Vi fekk tillatelse til å bestille mat sjølv om EV ikkje enno var på plass, og godt var det - tarmtottane hylte etter næring både her og der!
SD prøvde seg på dagens middag, pannesteikt sjøabbor, MO satsa på Manhattan on Fire, ein burgar med jalapenos og chilimajones, medan Solveig gjekk for cheeseburger og IV for smørbrød med mozarella og tomat. Så snart EV kom seg på plass, vart det bestilt ein Manhattan on Fire til.

MO: Mmm, gode chips. Eg likar at dei er litt chunky og meir potetete enn sånne skrinne chips.
Solveig: Kva er dette???
Ho peikte på ei lita skål med chili con carne som kom på burgertallerkenen. Det følger nemleg med litt chili til alle burgarer, ei hyggjeleg overrasking (som står på menyen, men er lett å misse i farta)
EV: Den var god! På grensa til å vere for sterk - perfekt!
Solveig: Eg tykkjer den er litt vel rosa her inni også. Skal den vere sånn?
Etter nærmare inspeksjon kunne alle stadfeste at den var innanfor grensa og heilt klart godkjent mht steiking.

IV: Er det eit utdrikningslag som går forbi?
MO: Det er iallfall nokon med store hovud ...

SD: Med fare for å høres litt sånn teit ut så... det smakte innmari mye fisk..?
EV: Kanskje dei har dynka den i saus fordi den ikkje kan fisk?
Det er kanskje ikkje uvanleg at fisk smakar fisk, men i dette tilfellet var det kanskje eit tilfelle av litt dårleg (gamal?) fisk.

Servitøren kunne diverre ikkje eit ord norsk, men vi fekk då til alt på engelsk sjølv om det stridar mot våre prinsippar at ein må bestille på engelsk i Noreg.
SD: Jeg fikk heller ikke kaffeen som fulgte med dagens middag, men nå gidder jeg ikke mase... vil jo gjerne ha dessert, men ser ikke ut som det blir tilbudt?



Karakter: G
Dette er ikkje staden for fiskerettar eller andre fancy ting, det er burgar og sandwich som gjeld. Sjølv om fleire av oss kunne vurdert dessert, kom det aldri nokon og spurde om vi hadde lyst på korkje meir drikke eller dessert. Veldig varierande, med andre ord. Det er nok heller ikkje Oslos beste burgar, men absolutt ein av dei betre vi har fått servert og heldigvis milevis frå McDonalds-standard. Dårleg service, mangel på norsk og fishy fisk trekkjer ned.
Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
local agriculture. W
Jannika 26.12.2016

local agriculture. We are finally getting into the groove with our regular sucrisbption. We started our produce box subscription back in late August. It’s been an amazing journey to eat with the California seasons and try

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no