Fusgur logo

Kafé Grosch

Mai 2013

Kafé Grosch

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: kafé
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med sommarvèr i sikte våga vi oss ned i Kvadraturen for å teste ut kafeen i Arkitekturmuseets lokalar. MO: Vi får slenge oss på desse turistane her, og snike oss inn.
Sandra: Vi får vel inte betala....?
MO: Nei nei, vi skal jo berre inn og ete. Det får vere betaling nok.

Vi runda hjørnet og inn i museets kafé, der det var rimeleg tomt blant borda. Det er kun torsdagar det er ope lenger enn 5, så det er heilt klart meir lunsjstad enn middagsstad.

Servitøren var raskt på plass for å ta bestilling av drikke, og alle fekk ein meny. Det er begrensa utval, og fokuserar på sandwichar og salatar av ymse slag. Brød og olje kom på bordet, og hjalp til med å stogge den verste svolten.

MO og EV satsa på Grosch Burger med kålsalat, riddarost, bacon og steikte poteter, medan Sandra og SD gjekk for salat med gardskylling, bacon og parmesan.

MO: Det såg veldig godt ut, deileg med steikte småpoteter!
EV: Eg må ha litt salt, her er jo berre pepar?
SD: Nei, her er jo en skål med flaksalt - det er jo det beste.
EV: Heilt klart, takk.
Sandra: Det var en STOR sallad... mycket gott!
MO: Ja, den såg vaksen ut - men salat er jo lett mat, i det minste.
SD: Oh, der var jo masse dressing på bunnen?
Sandra: Ja, den hittade jag tidigare - hörde du inte det?

Sandra hadde brått funne dressing på botnen av salaten, men utan at SD hadde fått med seg denne vitale opplysninga før salaten hennar nesten var borte.

MO: Det var god og saftig burger, og eg blir heilt klart mett.
EV: Ja, det er ikkje noko problem - den var veldig god.

Ikkje denne gongen heller vart det plass til dessert....

Karakter: M-
Lokalet er koseleg nok, og dette er absolutt eit bra alternativ om du er i området og vil ha en god lunsj. Høg standard til å vere ein museumskafé! Det blir nok ikkje staden vi tek omvegar for å ete på, men er du her - gå innom og ta ein matbit. God kvalitet og ok service. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Phenmoenal breakdown
Sundance 25.12.2016

Phenmoenal breakdown of the topic, you should write for me too!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no