Fusgur logo

Lofthus Samvirkelag

Januar 2013

Lofthus Samvirkelag

Beliggenhet:   Sandaker
Kategori: Pizza
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med fare for liv og lemmar la fusgur ut på glatta i retning Sandaker ein torsdag i januar for å teste det som ryktast å vere den beste pizzaen i Oslo. Lofthus Samvirkelag er bakeri by day og pizzarestaurant by night. -

SD: Det var IKKE enkelt å finne frem her, ikke veldig mye skilting.
EV: Nei, eg var ute i god tid og er likevel forseinka. Men det skuldast kanskje helst totalt fråverande strøing herfrå til Sinsen ...

Glas og vatn stod allereie på bordet.
SD: Det var kanskje ikke de største glassene...?
Glasa vart tømde av 3 slurkar, så det vart stadig påfyll.
EV. Nei, men ei mugge med vatn på bordet hjelp jo bra.

MO og SD gjekk for pizza med kvit saus, urtemarinert kylling, chili og div ostar, Sandra satsa på kokt skinke og EV tok dagens pizza - merkeleg nok var dagens den dyraste på menyen - som blant anna kunne by på parmaskinke - alle med kvit saus.
MO: Ein må jo berre ta kvit saus når ein kan, elles er det jo alltid tomatsaus som gjeld overalt.

Pizzaen kom på bordet etter rimeleg tid, og det lukta fantastisk!

MO: Eg meiner eg las ein stad at det var så små pizzaer her?
Sandra: Va? Dom va jo mer enn stora nog.
EV: Det er ein stor porsjonspizza, så eg trur vi blir mette.

Etter ei stund måtte MO kapitulere, og skofla alt fyll over på eine halvdelen.
MO: Eg må berre nedprioritere botn og skorpe, eg har ikkje plass til alt!
SD: Normalt bruker jeg også å velge bort det, men denne bunnen var så god at jeg må bare spise!
EV: Korleis får dei botnen så god og tynn?
MO: Eg reknar no med dei har steinovn. Du får jo kjøpt pizzastein til vanleg ovn også, om du vil, trur det kan hjelpe litt.
EV: Finst det, altså? Må no vere ein slank stein det vel viss den skal få plass i steikovnen? Det skulle eg likt å sett!

Alle åt med god appetitt, og pizzaen måtte seiast å vere ein suksess. Kan det ha vore verdt den kronglete vegen likevel?

Då det vart tid for dessert, tok SD og MO ein trippel sjokolademousse på deling, EV tok ein for seg sjølv sidan ho ikkje liker å dele noko med sjokolade, og Sandra fekk kake med sjokolademousse på toppen. EV og Sandra valde å skylle ned desserten med ein velsmakande grøn te. Det skal også seiast at EV ikkje makta å ete opp moussen, det var i overkant mektige greier. Sjokoladeelskarar vil definitivt setje pris på trippel-varianten, sjølv om den var mektig var den særs god! Kaka var meir som ein slags kjeks med litt mousse på toppen, og nådde diverre ikkje heilt til topps.

Karakter: M+
For pizza å rekne, må vi seie at dette er av dei betre stadane vi har ete i Oslo. Pluss for artige variantar på menyen som reinsdyr på pizza, og kvit saus var absolutt ein vinnar. Lokalet er diverre litt bortgøymt og dårleg skilta, men det såg ikkje ut til å hindre folk i å kome, då det var ganske fullt der. Om det verkeleg er Oslos beste, er vi ikkje heilt sikre på, men den er heilt klart på topp 3. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
A little rationality
Yancy 25.12.2016

A little rationality lifts the quality of the debate here. Thanks for coutiibntrng!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no