Fusgur logo

Habibi

Februar 2013

Habibi

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Palestinsk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 5.005.005.005.005.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Siste dagen i februar gjekk den harde kjerne til sentrum av Oslo for å prøve ut nye Habibi. Dei har nett flytta frå dei tildels lugubre lokala på hjørnet mot Oslo City, til hakket betre lokalar i kjellaren på gamle Bella Napoli.
MO: Var i overkant trongt her nede, kanskje?
Fusgur hadde fått eit bord for 6 personar, som strengt teke hadde plass til 4 - særskilt sidan bordet bak var fullt av folk og førte til ein umogleg stol-situasjon på fleire kantar. Sidan vi berre vart 5 tilbords, fekk vi løyst det ved litt omrokkering, men at servitørane orka å presse seg fram heile tida, er beundringsverdig!

Vatn kom på bordet, menyane kom på bordet og vi var klare til å innta kvitlauksbefengt mat til den store gullmedalje!

Sandra: Jag kan tyvärr inte äta nåt med mycket kryddor i, vesla i magen vill inte ha sånt... Det får bli mezah vegetar!
MO: Eg har jo mest lyst på mezah, men ein skal jo prøve nye ting - det får bli kyllinggryte! Det står at den er veldig sterk og at det er mykje mat, så då får eg berre køyre på.
SD: Hm. Jeg må prøve kylling tawok. Visstnok meget spesielt og noe helt annet enn vanlig arabisk mat. Spennende! Går ut fra at EV skal ha lam?

Det skulle ho. EV gjekk for lammegryte, medan IV satsa på kyllingvinger marinerte i kvitlauk.

Etter rimeleg tid kom all maten på bordet, og det vart ikkje betre plass av den grunn.

MO: Sorry, eg må berre smake litt på hummusen din, Sandra!
Sandra: Vär så goda, det er förr mycket her endå. Det var såååå gott! Det brödet her er jo doppad i vitløk och smør..
SD: Jeg er litt usikker på hva som er så veldig spesielt med denne retten, bortsett fra navnet. Den var god, men det er liksom det ... og, er jeg pirkete hvis jeg synes dette er understekt??
SD viste frem et kyllingbryst med ekstremt rosa midtparti.
EV: Eg ville steikt det eit minutt til ... Du burde kanskje seie frå til betjeninga, så ordner dei det vel?
SD: Ja, men jeg har jo spist meg nesten mett, og nå mista jeg jo litt lysten på mer...


IV: Nokon som vil ha kyllingvingar? Eg har sikkert halvparten att her, dei var gode men porsjonen var i overkant stor for meg.
MO: Ja,rolex replica eg tek gjerne ein for å smake. Hm, var ikkje så veldig framtredande kvitlauk her? Og mi kyllinggryte er også god, men den kvalifiserar ikkje heilt til veldig sterk-stempelet.. MEN - nok med kvitlauk i både min rett og i det eg har snike til meg frå Sandra - eg får gå heim og skremme mannen som vanleg!
EV: Eg er skuffa over lammekjøtet. Nokså små og litt tørre kjøtbitar. Må leite for å finne bitane i sausen. Nedtur. Heilt ok smak på gryta, sterk og god saus, men det burde ikkje vere vanskeleg å koke lammekjøtet skikkeleg. Men mykje mat var det. Salat og pitabrød og perfekt kokt bulgur.



Karakter: G+
Lokalet er koseleg, men litt for trongt fleire stader og ganske høgt støynivå. Maten er absolutt god, ikkje noko å rope hurra for men ein får meir enn nok mat for penga. Hyggelege og effektive servitørar. Absolutt verdt eit besøk, og vi kjem nok att her ein annan gong!





Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Youre a real deep t
Addy 25.12.2016

Youre a real deep thkienr. Thanks for sharing.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no