Fusgur logo

Escalon (NEDLAGT)

Desember 2012

Escalon (nedlagt)

Beliggenhet:   Tjuvholmen
Kategori: Tapas
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
DHK med sine respektive tok turen til Tjuvholmen ein kald onsdag i desember for å prøve ut det som til sigande er Oslos beste tapas, Escalon. SD og mann var allereie på plass då MO og mann trampa inn i det koselege lokalet og slengte seg nedpå. Vin var på plass i glaset, og vi fekk litt brød og aioli med seriøse mengder kvitlauk i medan vi venta på dei andre.

Snart var vi fulltallige, og inn på bordet kom det blåskjel, scampi, tomat med fetaost og raudlauk, serranoskinke og chilimarinert manchegoost.

EV: Æsj, eg gløymde å ta med kamera. Igjen. Vert ikkje all verda til bilete med mobilkameraet i stemningsbelysning ... Skulle teke nokre bilete ute også. Det er jo flott her ved sjøen og Aker Brygge og med alle julelysa.
Inger: Ja, berre nye bygg her. Har de vore på det nye Astrup Fearnley-museet då?
Henning: Nei, men det er heilt klart på lista.

Ousman: Mmm den skinkan va god! Mycket god ost också.
MO: Eg angrar litt på å ha fylt opp med brød … det svir i munnen av all kvitlauken som var i aiolien, men god var den! Eg må vel prøve nokre blåskjel også, sjølv om eg ikkje er fan.
SD: Mmm, de var virkelig gode! Tror det er de beste blåskjellene jeg har spist, faktisk.
Leif: *Kremt*
SD: Ja, bortsett fra de du lager, selvsagt … de er jo bedre. Selvsagt.
Håvard: Jeg er skeptisk. Er ikke så glad i fisk og sånt.
Henning: Kva, liker du ikkje sjømat??
Trass i dette klarte Håvard å få ned nokre blåskjell. Og måtte innrømme at dei slett ikkje var så verst.

Det var meir enn nok mat på bordet, og vi vart rimeleg mette allereie før neste runde var i gong.
IV: Skulle vi ikkje få noko kjøt også?
Håvard: Ja, jeg håper det er slutt på fiskegreiene i alle fall.

Håvard: Inger, strekker du deg etter mobilen min i jakka på stativet?
Inger: Det er nok ikkje trygt å ha den der nei.
Eileen: Nei, vi er trass alt på Tjuvholmen ...

Etter ei lita kvilepause kom det kjøttbollar, poteter med salsa, bacondadlar og lammepølse på bordet.

MO: Ja. Eg angrar definitivt på at eg åt brød i det heile teke, men det skal ned!
Ousman: Dadlane var faktisk inte så bra som jag hadde håppas.
MO: Nei, dei er litt for godt steikte. Vi lagar betre sjølv!
Inger: Pølsene på linseseng var gode. Desse er nok eigenproduserte.
Henning: Saftig og smakfulle.
Eileen: Ja, eg trur vi fekk det beste sist.

Det var uansett ikkje mykje mat igjen på bordet etter kvart, og opptil fleire truga med å opne bukseknappar for å få plass til magen.

EV: Nokon som skal ha dessert?
Det var det ikkje. Dvs. nokon var tidvis freista, men magemålet skreik etter utviding før det kunne vere aktuelt. Så vi stod over og rulla bortover til diverse transportmidlar for å kome oss heim såpass knappar kunne løsnast utan å skjemme oss ut for andre folk i offentlegheit.
Maten var godkjend, lokalet vedteke at det var særs koseleg, og at det kan freiste til å gå hit ein gong på privaten også – kanskje for å prøve ut dei meir spanande tapasane som står på menyen.


Karakter: M
Servicen var heilt ok, ikkje noko utanom det vanlege men dei var på plass då dei skulle og gjorde jobben sin. Utskifting av tallerkenar undervegs var pluss. Maten var veldig god, og lokalet freista til koselege kveldar inne i varmen medan kulda herjar ute. Ser absolutt potensiale for besøk etter jobb for litt mat og god drikke her. Men om det er byens beste tapas, det er vi ikkje heilt sikre på sjølv om dei absolutt er konkurransedyktige.

Sjølvsagt var juleførebuingar det store temaet rundt bordet, og MO hevda hardnakka at ho åt så mykje at ho neppe kom til å trenge mat før julaftan. Seinare skulle dette syne seg å vere feil. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
A plngeisaly rationa
Maryellen 25.12.2016

A plngeisaly rational answer. Good to hear from you.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no