Fusgur logo

So Mot

November 2012

So Mot (nedlagt)

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Vietnamesisk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein kald og våt torsdag tok den harde kjerne i fusgur turen til So Mot, ein vietnamesisk restaurant på Grünerløkka. Det var ein svolten gjeng som var ute for å teste asiatiske smakar!
EV: Var det ikkje her den karibiske låg ...? Med seriøst treig service?
IV: Ja, var det her han fyren med strikkagenseren og sirupseig gonge serverte oss?
MO: Jupp, det er gamle Karibs lokalar.
EV: Det var jo ok mat. Ser ikkje ut som at dei har gjort noko med lokala sidan vi var her for nokre år sidan.

MO satsa på kyllingspyd i peanøttsaus til forrett, IV gjekk for vårrullar og SD prøvde seg på ferske vårrullar. EV ønska øl til maten, men det viste seg at dei hadde ikkje Saigon tilgjengeleg, berre Ringnes. Ho stod over og valde ei kanne grøn vietnamesisk te i staden.
SD: Vær så god, smak i vei. Dette er jo ikke en forrett, det er jo en hovedrett...
Det var ein stor porsjon med vårrullar som kom på bordet, medan MO fekk to små kyllingspyd og IV to små vårrullar.
MO: Det var jo heilt greit, men sausen var litt smaklaus?
IV: Vårrullane var veldig gode.
MO måtte bort på for å smake forretten til SD, og slo fast at det var ein av dei betre ho hadde prøvd.
MO: Eg er normalt ikkje glad i usteikte vårrullar, men denne var faktisk ganske så ok.
EV: Teen var god. Og frykteleg varm! Litt smaklaus med det same, men den må vel trekkje litt til.

SD og MO delte ein crispy duck til hovudrett, medan IV satsa på indrefilet i chilisaus med kvitlauk og EV gjekk for ein lammerett med raud curry, nummer 36 på menyen.

EV: Litt skeptisk på lam på rimelege stader ... Får håpe dei behandlar kjøtet riktig, og at det ikkje er seigt ...

Maten kom på bordet ganske kjapt, med gode porsjonar.

SD: Det er jo som tacos, asian style. Pannekake med fyll i.
MO: Det var jo greit nok, litt spanande sidan eg aldri har prøvd før. Men, litt tørt og litt smaklaust..?
SD: Anda var jo crispy og god, litt tørr men sånn er det jo med mangel på skikkelig saus. Litt kjedelig, kanskje?
MO: Heilt ok, men ikkje noko eg bestiller igjen.
IV: Hm. Er dette kjøtet gamalt eller noko sånt? Det er også heilt raudt inni, eg trur ikkje eg tør ete meir.. Det var jo mykje mat, då. Og veldig godt. Men kjøtet var litt tvilsamt.
EV: Lammekjøtet er riktig behandla, i alle fall. Veldig godt. Og akkurat passe sterkt.

Vi stod over dessert, då det kun var fritert banan og mangopudding på menyen.

Karakter: G
Heilt gjennomsnittleg vietnamesisk mat, men mykje mat til ein rimeleg penge og heilt klart greit å ta ein tur innom etter jobb for å ta seg ein matbit. Lokalet er kanskje ikkje det koselegaste, men servicen er heilt OK, sjøl om vi alle måtte ta turen bort i baren for å kunne betale. Det var ikkje noko problem å dele opp rekninga i alle fall. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I thgohut finding th
Keesha 25.12.2016

I thgohut finding this would be so arduous but its a breeze!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no