Ein kald og guffen tysdag var ikkje til hindring for at fusgur la ut på tur for å teste Vardøens nye prosjekt, Smelteverket, i Mathallen på Vulkan - med ein av Europas lengste bardiskar, seiast det.
MO: Ok, det er jo ein bar - men med litt mat.
Sandra: Dom har bord her, i alla fall.
MO: Ja, eg tenkte reservere bord her men ikkje nokon stad var det tlfnr å finne?
Vi henta oss eigne menyar, og skumma gjennom lette rettar før vi enda på 3 stk langsteikt oksebryst med ulike tilbehør og ein stk pastrami, sistnemnde visstnok signaturretten.
Alle smørbrøda kom i raude plastkorger, og oksebrysta hadde ein slags dipsaus ved sidan av - litt ubestemmeleg og eigentleg litt smaklaust.
MO: Det var veldig godt kjøt, og chili con carnen var absolutt god. Mykje mat!
Sandra: Ach, jag är så besviken over brødet! Ni har mycket bättre brød enn jag, men köttet var underbart.
IV: Eg likar ikkje slikt brød i det heile teke, så det var skuffande. Men, det er jo ikkje brødet eller baren sin feil, det er berre at eg ikkje likar det.
Solveig: Det var mykje mat, og god potetsalat til.
MO: Eg klarar ikkje ete alt brødet, men det var jo godt.
Vi sat og dingla ved eit høgt barbord, men med berre 4 stk i oppmøte, gjekk det utan nevneverdige problem. Litt for lite bemanning til å vere såpass fullt, det stod berre ei dame bak disken og skulle ta seg av alle bestillingar for mat og drikke til å begynne med, så folk stod ganske lenge og venta. Alle langborda var reserverte, og etterkvart vart baren ganske så full.
Karakter: G+
Vel, ein må ta i betraktning at dette først og fremst er ein laaaang bar med mykje på ølmenyen. Men, det var absolutt veldig gode smørbrød og det er meir enn nok uansett kor svolten ein er. Og, det er heilt klart GODT kjøt som er brukt i smørbrøda, så det er hakket over vanleg pubmat. Vi vart alle gode og mette, og er du lei av mathallen og berre vil dukke ned i mørket ved elva for ei øl og noko mat etter lang shopping, så er det verdt ein tur. Det er ikkje staden ein tek kjærasten med for ein romantisk middag, men vi kjem nok attende for eigen maskin uansett etterkvart. God stemning for ei fredagspils eller 10.
Brukeranmeldelser
That really catperus
Celina 25.12.2016
That really catperus the spirit of it. Thanks for posting.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024