For å kome ned på jorda att etter særs høge prisar og god mat på Mares, hamna vi på Elias Mat og Sånt for vårt 71.restaurantbesøk.
MO: Dette var særs koseleg lokale, ein får jo berre lyst å varme seg med eit glas raudvin.
Sandra: Ja, det här var mysigt – ordentlig høstmys!
Menyen var kort, mest retta mot lunsjgjestar, men med tre såkalla hovudrettar på gong. SD vurderte risottoen, men gjekk til slutt for elggryte, som MO. Medan Sandra og EV satsa på blåskjel med chili, kvitvin og kvitlauk.
Servitøren var raskt på pletten med vatn, og då alle var samla, kom det brød og smør på bordet.
MO: Milde himmel, dette var godt brød!!! Eg kan nesten klare meg berre på brødet…
Sandra: Jag var hungrig, så det var gott! Men, man får inte ta för mycket – må ha plats til maten.
SD: Ja, det var virkelig godt. Og servitøren er veldig hyggelig. Det er jo ikke alltid vi har opplevd.
Maten kom på bordet, stadig påfyll av vatn var kjærkoment til raudvinen.
MO: Nja. Gryta var heilt grei, enkel husmannskost – men kunne nok laga hakket betre sjølv. Skal ikkje klage til den prisen, og så lenge brødet er så godt så er det ikkje noko problem!
SD: Hvorfor har vi aldri vært her før? Dette må jo være det perfekte fredagspils- og lunsjsted. Jeg skal nok invitere med meg gamlejobben hit en dag.
Den smilande servitøren kjem inn og spør om vi vil ha meir brød. Sjølvsagt!
Sandra: Mycket mat, og gott var det. Jag blir i alla fall mett.
EV: Ja, meir enn nok mat. Perfekte blåskjel og nydeleg kraft! Kunna ikkje lagd det betre sjølv. Hit går eg gjerne igjen!
Til dessert valde Sandra og MO å dele ei sjokoladekake. Den må seiast å vere noko tørr, og slett ikkje så bra som det kunne vore.
Karakter: G+
Maten er så som så, trur denne staden er meir på lunsj enn middag. Med berre tre hovudrettar er det ikkje alltid suksess å gå ut på ein betre middag. Men, utruleg hyggjeleg servitør og god service samt koseleg lokale gjer at vi lett kan kome attende til lunsj eller ein rask middag etter ein laurdagshandletur i byn – eller eit glas raudvin på kveldstid.
Brukeranmeldelser
Last one to utizile
Judith 25.12.2016
Last one to utizile this is a rotten egg!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024