Fusgur logo

Schillers Tapas (NEDLAGT)

Juni 2012

Schillers Tapas (nedlagt)

Beliggenhet:  
Kategori: Tapas
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med bord bestilt på Schillers Tapas i Folketeaterpassasjen la vi ut med godt mot ein solfylt onsdag i juni. Det starta litt feil. Vi fekk beskjed om at det ikkje var bord reservert, men i det IV prøvde å påpeike at ho var innom dagen før for å reservere, og løfta på eine bladet i boka, fekk ho seg ein smekk over fingrane. Det vart påstått at bord ikkje var reservert, så vart det skifta til at det var reservert dagen før og så at det var reservert kl 18.30 (vi hadde reservasjon kl 17). Men, vi fekk til slutt bord og vart verande, sjølv om det freista å forlate åstaden.

Då alle var på plass, bestilte vi Tapas Classico, ein samlemeny med ulike tapas. Først kom kalde tapas, deriblant oliven, aioli, brød, manchego, serranoskinke og aspargesbønner med blåmuggost.

MO: Mmmm det var bra med mat, og veldig godt!
IV: Er det blåmugg…? Det er eg ikkje glad i, eg trur eg står over – men brødet og aiolien var veldig godt.

Vi fekk innpå det som var av mat, og såg fram til varme tapasrettar sjølv om vi allereie begynte å kjenne det sprenge litt i buken.
Servitøren la merke til at vi var tomme for brød og aioli, og spurte om vi ville ha litt påfyll – som vi takka ja til.

På bordet kom scampi i kvitlauk og chili, albondigas, chorizo, patatas bravas og grilla entrecote.

SD: Er det ikke merkelig at rettene skal være til 2 personer, og så får vi 5 kjøttboller…? Ikke at det er noe problem for oss å dele, men det burde vel være 4 eller 6, liksom?
Sandra: Och vi fick 3 brødskivor på 2 stycken, også konstig.

Maten var veldig god og vi fekk rikeleg – så pass rikeleg at vi ikkje klarte å ete opp, og slett ikkje hadde plass til dessert!

Vi var forsynte, og prøvde forgjeves å få kontakt med servitøren for å be om rekninga.
SD: Det er noe av det verste jeg vet, å sitte og vente på å få lov til å betale. Kanskje vi bare skulle reist oss og gå? Kanskje de DA ville reagert?
Etter mykje om og men fekk vi endeleg rekninga på bordet.
IV: Hæ?? Må vi betale ekstra for brødet og aiolien vi fekk til slutt? Eg trudde det var inkludert?
MO: Det er litt for dårleg å ikkje opplyse om det, når vi trass alt kjøper ein så stor meny til 4 personar.

Karakter: G
Vi er delte her. Det var veldig god mat, men servicen var ikkje mykje å rope hurra for – og det er nok til at vi neppe kjem attende her. Kanskje vi ein gong prøver lukka på avdelinga dei har på Bygdøy i staden? For maten var verdt pengane, men når det først er problemer med reservasjonen og dei prøver å legge skulda på oss, og så tek det vottar og vinter for å få rekninga, og så må vi betale for brød og aioli dei tilbyr oss utan å informere om at det er ein ekstra kostnad – det fører diverre til kr 0,- i tips. Det er sjeldan det skjer, men i dette tilfellet var det rett og slett påkreva. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
This was so helpful
Kalea 25.12.2016

This was so helpful and easy! Do you have any artielcs on rehab?

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no