Fusgur logo

Locanda (NEDLAGT! heldigvis)

April 2012

Locanda (nedlagt)

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: italiensk
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Italiensk stemning på Løkka stod på plakaten denne tysdagen i april, og fusgur var klare til nok eit møte. MO: Var kanskje ikkje naudsynt å booke bord, ser eg. Men, betre føre var!

Vi såg mykje på menyen som verka spanande, og alle var svoltne og klare til gode måltid.
Til forrett gjekk vi for å dele brød og aoili, men det varte og rakk før vi fekk det – vi måtte faktisk tilkalle servitør for å purre på det, og det synte seg at vedkomande hadde fått det føre seg at vi ville ha det saman med hovudretten, uvisst av kva grunn.

IV: Usikker på om vi har fått det vi bestilte..? Dette er jo varmt brød med tomatsaus, oliven og – er det kapers?
MO: Mest som ein minipizza, men det var jo godt.
Sandra gjekk for blåskjel som hovudrett, EV for tagliatelle med diverse skaldyr, IV for spaghetti med scampi og MO for tagliatelle med kalkun i urtekremsaus.

EV: Oj, dette var sterkt! Stod det noko om i menyen? Eg trur ikkje det. Var på grensa, synest eg.
IV: Dette var også hot! Godt, for all del, men det stod ikkje akkurat noko varsel.
Sandra: Det var gott, men – litt mycket salt og ganska stärkt, tycker jag. Kände inget innan jag tok en sked med sånn sås… Helt ok.
MO: Det var godt, men litt smaklaust – ein haug med salt, pepar og parmesan måtte til..
IV hadde bestilt cola, men på bordet kom ein pepsi.
IV: Eg er eigentleg imot at dei kjem med pepsi sånn utan vidare når ein bestiller cola. Dei bør faktisk seie at dei ikkje har cola, men spørje om pepsi er ok.
Vi var alle samde. Slikt bør opplysast om, som også at matrettar er dynka i chili eller ikkje.

Etter å ha gafla i seg maten, var det vel kun Sandra som klarte å få i seg alt. Og det var fordi ho hadde minst porsjon. Til og med scampi låg att på tallerknen til IV, og det er sjeldan.
IV: Dei har i alle fall ikkje vore gjerrige med sjømaten.
EV: Nei, det var mykje scampi – uvant luksus.

Karakter: G-
Litt dårleg service, ikkje påfyll av vatn og vanskeleg å få bestilt etc trass nesten tomt lokale. Sjølve lokalet er veldig ok, men maten er middelmådig. Vi var alle einige i at vi får betre italiensk andre stader – til same pris. Dette blir nok ikkje ein stamplass, men porsjonane er store så her passer det kanskje å ta med svoltne menn som krev mat for penga.




Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
You have shed a ray
Teiya 25.12.2016

You have shed a ray of suhnsine into the forum. Thanks!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no