Mars hadde rukke å få til nokre varmegradar denne tysdagen, og vi var klare til å prøve ein god, gamal travar – Bacchus nede ved Kirkeristen, berykta for gode kaker.
Etter å ha saumfart menyen og funne fleire gode alternativ, vart det litt ymse på bordet.
EV satsa sikkert på andelårconfit, SD på krydderpølser, medan IV og MO gjekk for burger – henhaldsvis biff og lammeburger.
Maten kom raskt nok til bordet, og vi gjekk laus på maten med vatn i munn.
MO: Eg må berre smake desse krydderpølsene dine, SD…
SD: Selvsagt!
MO: Dei var gode! Saftige og gode, og god potetmos til også.
SD: Ja, jeg savner kanskje litt mer krydder og hakket mer grovhet, faktisk. Men for all del, dette er en skikkelig gutteporsjon – så fort at jeg ikke ville klare å spise opp alt dette.
EV: Anda var supermør! Eg likar confit. Eg anar ikkje kva det betyr, men godt er det.
SD: Det betyr at det har stekt i sitt eget fett over lengre tid, da blir det veldig godt og mørt. Kalkun egner seg dårlig til sånt..
Alle vart mette og nøgde, men likevel var vi klare til å prøve dei berømte kakene.
IV og MO delte ei Kahlua-kake, medan EV og SD gjekk for variant gulrot.
MO: mmmmm denne var god… mektig, men god. Glad vi gjekk for deling, dette hadde vorte i meste laget åleine. Klart, eg hadde jo ete det opp uansett men…
IV: Ja, den var ikkje veldig fin å sjå på, men god var den.
Karakter: G+
Bacchus er typisk kafe. Dei har ok mat, og lokalet er trongt men koseleg. Det er ikkje ein stad for store gourmetopplevingar, men så lenge ein blir mett på god mat er mykje nådd. Kaker bør man gøyme plass til, om ein likar slikt. Og det gjer vi jo? Servitørane var ikkje alltid like enkel å få tak i, med det var nok grunna fullt hus og tronge lokalar. Ikkje alt skal vere like enkelt.
Brukeranmeldelser
Thats really shwerd
Sequoia 25.12.2016
Thats really shwerd! Good to see the logic set out so well.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024