Fusgur logo

Hai Cafe

Februar 2012

Hai Cafe

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Asiatisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 1.001.001.001.001.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Framleis kaldt denne februardagen, vi traska med godt mot til Hai Cafe i sentrum, som hadde fått gode kritikkar og vi hadde halvvegs håp om å sjå nokre c-kjendisar. Diverre går det ikkje an å bestille bord her, og fullt er det, men det verkar som om folk et og forlet. Vi stod i 10 min og venta før det kom eit bord ledig, og opptil fleire servitørar var på plass til einkvar tid.

MO: Litt sånn kantinepreg her, men eg håpar maten er god!
Bente: Jeg bare håper jeg finner noe vegetarisk her, og aller helst uten noe nøttegreier..

Vi fekk huka tak i ein servitør for å bestille, og ho tok ikkje ansvar for at alt var utan nøtter. Det set vi faktisk pris på å høyre, i staden for at dei tek sjansen på at det går bra. Ho sa ærleg at det låg nøtter på kjøkenet, så sjølv om det ikkje var nøtter i sjølve maten, så var det liksom i rommet. Bente tok sjansen.

Fleire av oss klaska til med både forrett og hovudrett. MO gjekk for wonton-suppe til forrett, og var særs nøgd.

MO: mmm den er like god som på Oriental, men det er meir mat og hakket rimelegare.
Sandra: Jag klarar inte äta upp det här.. förr mycket!
IV satsa på innbakte scampi, og dei var enkle og gode.

Så kom hovudretten på bordet.

SD hadde bestilt hovudrettversjonen av Wontonsuppa, og det var meir enn nok mat. Bente klarte seg fint og hadde ingen tendensar til krampar eller pusteproblem, og vi var alle særs nøgde med maten.

Karakter: G
Maten var god og rimeleg, men det var eit høgt støynivå og særs ukoseleg lokale. Servitørane svinsa raskt rundt for å serve alle, og gjorde ein god jobb på det ut i frå dei forutsetningane dei hadde. Konklusjon: Dette er ein stad du går for å ete deg mett for ein rimeleg penge. Her blir du ikkje setande på romantisk middag eller for å prate med venane dine, då går du vidare ein annan stad.
Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
[quote comment="7151
Eagle 26.12.2016

[quote comment="71510"]I want this way until the final: PORtu>>>>>>BAYERN>>>>BARCELONA[/qOoTe]This really suits the theme of deja vu:Porto: Carvalho, Ferreira, Hilario, Bosingwa, QuaresmaBayern: BallackBarcelona: Deco, BellettiReply

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no