Kaldt og guffent var det, denne tysdagen i januar, på veg til Oriental for å få i oss varmen med forhåpentlegvis gode smaksopplevingar. Eit beskjedent skilt viste vegen, ein stad vi aldri ville funne på å stukke innom - men opp ei trapp skulle det openbare seg ein særs koseleg restaurant med hyggjelege servitørar.
Solveig: Det såg ikkje så innbydande ut på utsida, kanskje pga det skiltet som heng der? Ser litt tvilsamt ut på utsida, liksom.
MO: Ja, eg hadde aldri gått inn her på eige initiativ, men det ser lovande ut. Flaks at SD har bestilt bord, det er jo smekkfullt!
Vi var 10 min for tidleg ute, og måtte dermed vente 10 min ute i gongen. Litt trongt og utan ein bar å vente i, dette er ikkje staden å droppe inn og håpe på å ta eit glas vin til det blir bord ledig.
Servitøren kom kjapt på plass med vatn i alle glas og menyar, og spurde om drikke til maten som seg hør og bør.
Sandra, MO og SD satsa på ein dim sum-tallerken med 6 ulike dim sum, ein måtte vere minimum 2 personar for ein slik tallerken. I tillegg vart det Wonton-suppe på Monika og sjømatsuppe på SD og Sandra. Solveig og IV delte ein porsjon vårrull til forrett, medan Solveig satsa friskt på malaysisk lammefilet med mango og ananas i ein kokosmelk, karri og peanøttsaus, medan IV valde Pang Pang Biff - biff med blant anna chili.
Servitøren spurde om vi ville ha suppe først eller alt på ein gong, og vi sette pris på at vi fekk velge dette - det har ikkje vore sedvane på alle stader, for å seie det sånn.
MO: Suppa var veldig god og bra i storleik!
Sandra: Soppan va god och lite stärk, men inte för illa - mycket bra.
SD: Det var litt på kanten sterkt for meg, men det går fint. Hva er dette for slags skjell, da?
Skjellet som var i, var visst litt for seigt, men selve suppen var altså bra på smak og vi så frem til dim sum.
IV: Oj, så store porsjonar! Nokon som vil smake?
MO heiv seg over Pang Pang biffen, og vart særs begeistra.
MO: Utruleg mørt kjøt! Veldig god på smak! Lammefileten var også veldig god, men biffen vert ein favoritt.
Til dim sum-tallerkene kom det fleire ulike sausar, og servitøren forklarte kva saus som passa til kva rett. Sandra gjorde tvert om, men vi trur ikkje maten vart øydelagd av den grunn.
SD: Er ikke sikker på hva som er i denne, kan det være noe rekegreier? Syntes jeg skimta noe rosa.
MO: Synest faktisk desse var betre enn på Tabibito..
SD: Begynte å tenke på at de kanskje slo Taste of China også. Litt usikker. Lokalet vinner helt klart, i alle fall.
Alle stod over kaffe og dessert, vi var rett og slett for mette til å klare store porsjonar med søtstoff i etterkant.
Karakter: M
Lokalet er innbydande, servicen er upåklageleg med veldig oppmerksame servitørar og maten var overraskande god. Prisane er ikkje avskrekkande, så dette er heilt klart ein stad vi vil til på privaten seinare! Ein av dei betre orientalske restaurantane vi har vore på i hovudstaden.
Brukeranmeldelser
nepletu, ani ve vyro
Magda 26.12.2016
nepletu, ani ve vyrobe nema monopol, tam ma o neco silnejsi pozici nez u distribuce ale monopolem neni. mne jeho elektrina nevadi jen rikam ze neni monopolem. je silnym hracem ale treba eon ktery ovlada tretinu ceska je jeste silnejsi, teda jeste je slabe slovo, jeho hodnota je vice nez trnjnasoboa.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024