Fusgur logo

Hanami

Desember 2011

Hanami

Beliggenhet:   Tjuvholmen
Kategori: Japansk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Julebordet til fusgur var noko redusert, med 2 i manko frå den harde kjerne. Men, til gjengjeld hadde vi fått med oss 4 konsulentar, så det vart 6 stk rundt bordet likevel. Alle var spente på denne nye restauranten med ein omfattande meny. MO: Var veldig fancy. Trur vi kom inn inn feil inngong her..
IV: Jupp, dåkke kom inn tenesteinngongen. HAHA

Servitøren hadde allereie helt vin og vatn i glasa til dei som var på plass, og då alle var fulltallige kom ho attende for å forklare konseptet. Dei har ikkje hovudrettar eller forrettar, men alt er smårettar i tapas-stil, for at alle rundt bordet skal dele.

Ousman: Eh, är hummaren också smårett..? Till nästan 400?

Det var den. Servitøren meinte at 6 rettar vart i overkant, og anbefalte å begynne med 5 fordelt på bordet. Det vart bestilt haneskjell ceviche, tempura scampi, kamskjell frå Hitra, spicy indrefilet av okse og heilsteikt kylling.

Haneskjell kom først, og alle fekk heile 2 stk pr pers.
IV: Sånn ja, då var ein mett.. ehem

Alle sleit litt med pinnane, det er ikkje veldig enkelt å få med saus utan noko å øyse med!
Resten av maten kom etter kvart, men vinnaren vart heilt klart indrefileten.

Sandra: Den va veldig go!
MO: Det skulle vel berre mangle, til 500 kr...
IV: Hæ? Kosta den 500? Fekk vi to stk likevel?
Det synte seg at vi fekk berre ein, det vart tre små bitar pr stk - og den kosta litt under 300 kr.

IV: Det hadde jo vore mykje betre med ein slik indrefilet, med ris og sånt til, som hovudrett?
Solveig: Då vi var her sist, fekk vi jo ete oss mette så det haldt - men det er klart, då var det jo firmaet som stod for det og rettane kome berre inn på løpande band.
Håvard: Det blir nok en tur på Sannergrillen etterpå, tenker jeg.


Karakter: G
Vinen var veldig god og øla var - vel, øl. Maten var heilt ok, men det var kun indrefileten som satte smakslaukane i vatn og var utruleg. Men, å seie at 5 rettar bør halde til 6 personar derav 2 vaksne menn, det er litt i underkant. Det er dyrt å ete her, og det er veldig varierande mat - men det har vel med smak og behag å gjere. Kan vere sushi- menyen hadde vore hakket betre, men det får ein prøve ein annan gong. Litt for fancy plinki-plonk musikk i bakgrunnen kanskje, men toaletta og lokalet ellers var delikat og Tjuvholmen verdig. Noko trangt mellom borda gjorde servering og forflytting generelt litt utfordrande. Her skal ein halde rompa inne!



Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
More straight talk f
Cash 26.12.2016

More straight talk from the Sultan.But war is never inivbtaele, however likely. Cooler heads can prevail, reason can always step in. Israel is alert and experienced and always ready to be as peaceful as it has been able to cope with its aggressors.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no