Oktober vart til November før fusgur fekk satt i gong oktobermøtet, men til gjengjeld tok vi sats for å vitje Arakataka i sentrum, ein etterlengta stad å vitje.
MO: Det skal ligge rundt ein av desse svingane her…
Og det gjorde det. Det var ikkje fullt denne tysdagen, men heller ikkje folketomt, så vi fekk plass rundt eit bord ved vindauget.
Sandra: Vad är skinnstekt uer for nåt?
MO: Det er ein djupvannsfisk, veldig god, steikt med skinnet på, tydelegvis. Trur eg går for den, faktisk!
EV og SD gjekk for dagens fisk, som var bakt torsk med krokett av torsk og purre, blomkålkrem, kalvetunge, kyllingsjy og hollandaise.
Solveig prøvde seg på andeconfit og pølse, med jordskokk, syltet rødbet og potet lyonisse, medan Sandra og MO gjekk for den berømte ueren.
Vatn var i glasa på null komma niks, og nokre av damene bestemte seg for vin og øl i tillegg medan andre var på vassvogna. Det tok høveleg med tid før maten var på bordet, og for å korte ned ventetida kom det godt brød med aioli og oliven seglande inn frå kjøkenet. Etter ca 20 min stod maten på bordet.
MO: Å dette var godt! Veldig god fisk, og veldig gode poteter..
Sandra: Det känns som smelt smör på potatisen, gott va det.
MO: Er ganske sikker på at det er smør dei flyt rundt i ja..
Solveig: Dette var mørt, heilt fantastisk godt og mørt kjøt.
MO: Korleis var torsken?
EV: Den var utruleg god. Nesten ikkje nok kokt, vil eg seie. Men likevel, den var nok akkurat slik den skal vere.
SD: Ja, det er litt uvant, men tror den faktisk bare er perfekt tilberedt. Litt på kanten til ikke ok, men det er vel det som gjør at den er så god.
Vi høyrde ikkje mykje meir prat rundt bordet, men at maten fell i smak, var det ingen tvil om.
Diverre hadde dei denne dagen ikkje dessertar som kunne freiste nokon rundt bordet, så etter maten var fortært og viktig sladder var fordelt, tok vi turen vidare innom Santinos for ein lett dessert og kopp kaffi.
Karakter: M
Veldig god mat til ein forhaldsvis rimeleg penge, det er absolutt verdt ein tur innom sjølv om nokon vil seie det ligg litt utanfor dei vanlege gårutene i sentrum. Skal ein først flotte seg og bruke pengar på mat, så kan ein like gjerne gjere det her – og få litt ekstra god kvalitet på kjøpet. Hit kjem vi gjerne igjen på privaten, kanskje til ein 3-rettars neste gong?
Brukeranmeldelser
I actually found thi
Bubi 26.12.2016
I actually found this more entaiterning than James Joyce.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024