OBSOBSOBS! Denne restauranten har blitt tapas-restaurant sidan vi var på besøk, og ryktene fortel at det ikkje har vore ein suksessfull overgong...
Det synte seg at denne siste onsdagen i juni skulle bli varm og solrik trass i ein noko grå start, og vi la ut på den skumle ferda mot austkanten av byen ? nærare bestemt Tøyen. Sjølv om Kampens Hete tilseier ei lokalisering på Kampen, vil vi vel påstå at Tøyen er meir nøyaktig. Vi var litt tidleg ute, og servitøren spurde om vi ville ha noko å drikke eller gå ut å røykje først. MO vart noko fornærma over å bli teken for å vere ein røykjar, men vi gjekk i alle fall ut i det fine vèret for å vente nokre minutt.
Servitøren var på plass kjapt, heldigvis hadde vi bestilt bord for det viste seg fort at lokalet skulle bli ganske så fullt. Vi vart plassert i ein bås, og fekk informasjon om dagens rettar medan vatn kom på plass i glasa til tørste ferdefolk. Eit lite minus for at servitøren ikkje huska heilt kva dagens var, men det kom etterkvart.
MO: Sidan livet for tida er prega av dramatikk både her og der, stemmer eg for at vi forsøker å løfte stemninga med å gå for ein 3-rettars i dag!
SD: Det er jeg veldig klar for. Ikke bare det, jeg har tenkt å spandere på meg et glass rødvin også!
IV: Sjå, dei har Il Mimo her! DET skal eg ha..
Il Mimo er ein kjend rosèvin som får hjartet til å dunke litt ekstra på fusgurar, og vi endte opp med å bestille ei flaske på deling. Servitøren vår fortalte at ho på privaten hadde sikra seg for lang tid framover, då den kun er å få i ei begrensa tidsperiode.
Det tok litt tid før IV bestemte seg, men ho kasta seg på same bølgja som oss og heile bordet hadde brått bestilt dagens tre-rettar. Brød, maldonsalt og olivenolje kom på bordet og svoltne som vi var, måtte vi snart spørje om meir brød.
Først ut var aspargessuppe med kveite.
MO: Aaaaaa den her var MYKJE betre enn venta! Den formeleg eksploderar av smak!
IV: Ja den var grådig god, det her blir nok reinslikka tallerknar tilbake til kjøkenet.
SD: Jeg må si meg enig, den var veldig god på smak. Men ganske mektig, er nesten mett etter første rett..
Etter akkurat passe ventetid var neste rett på plass ? andeconfit. Denne var IV ganske skeptisk til, då ho ikkje er spesielt glad i and.
IV: Den var ikkje ille. Mørt og fint kjøt, kunne klart meg utan dei bønnene som flyter rundt her. Og potetene var litt melne? Trur dei har leie for lenge eller noko sånt, det var litt seigt skal.
SD: Det er sant. De potetene kunne nok med fordel blitt skiftet ut. Det var mye mat her, jeg tror ikke jeg klarer alt?
MO: Godt godt godt! Men ja, potetene kunne dei nok ha fresha opp litt
Alle var eigentleg gode og mette allereie, men vi gjorde plass i dessertmagen for siste rett ? hyllebærsorbèt med flambert marengs og skogsjordbær.
IV: Litt i søtaste laget for meg, heilt greit men ikkje noko meir.
MO: Ja eg skulle nok heller hatt noko sjokolade til dessert.
SD: Mett er jeg i alle fall..
Samla karakter: M
God service, god mat, hyggjeleg lokale. Veldig hyggjeleg servitørar, eit lite minus for openlyse diskusjonar ved bardisken personalet mellom sånt bør gjerast på bakrommet, uansett kva det er snakk om. Det var ikkje ille prisar på menyen, og vi må seie oss godt nøgde med besøket! Dette er av dei beste møta fusgur har hatt hittil, og det freistar til gjentaking.
Rundt bordet var stemninga prega av den siste tids dramatiske endringar i fleires liv, men vi klarte å døyve eindel smerter med hjelp av kaloriane som glei så fint ned i magen. Saknar fortsatt EV, som no har forlate Tigerstaden til fordel for Sørlandet ei lita periode! Vi ønskjer ho velkomen attende til Moderlandet uansett, og ho er sjølvsagt velkomen til eit fusgurmøte når som helst. Kva med ei ekstraordinær samling på Nilsen Camping i nær framtid? Ein studietur til Sørlandet står på plakaten, vi skal nok få skvisa inn litt forskning på kulinariske opplevingar i Kristiansand om det er stemning for dette ? kanskje til og med med gjesteopptredenar av ymse slag? Fortsetting følgjer?
Brukeranmeldelser
Lars from Swdentrlaz
Matei 26.12.2016
Lars from Swdentrlazi, September 3, 2012 at 12:23 PM Great staff. Wonderful scenery and view. The breakfast is fantastic with a gorgeous view of the lake and the mountains. We had a great time with our two small children. We could not have been more satisified.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024