Fusgur logo

Øst

September 2011

Restaurant Øst

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Thai
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein flott haustdag var fusgur på veg i eit noko tvilsamt strøk for å prøve ein thai-restaurant som visstnok skulle vere verdt å prøve. Med ein av DHK nede for telling, var det MO, EV, SD og Sandra som var klare til å opne smakslaukane.

MO: Det var jo veldig hyggjeleg lokale til å vere i eit slikt tvilsamt strøk. Eg set pris på ope kjøken, føler det er vanskelegare å skjule ting då.


SD og EV delte ein liten sushi til forrett, og fekk ein tunfisk, laks, kokt scampi og kveite på bordet.
SD: Jeg smaker en tunfisk, det har jeg aldri prøvd før - føler meg modig! Åh, den var utrolig god!
EV: Ja, tunfisk er eigentleg min favoritt, både rå og grilla, men eg vil jo gjerne verve deg til sushiens verd, så det er berre å køyre på. Eg trur eg må tilbake hit og ete berre sushi ein gong. Dette var godt. Og det SER flott ut. Liker den artige fjøla.
Samstundes fekk Sandra og MO sin forrett på deling; tempura, vårrull og kyllingspyd med peanøttsaus.
MO: Ååå denne sausen var utruleg god!
Sandra: Jag trodde inte du tyckte om sånn sås?
MO: Vel, det kan bli kvalmande i store mengder, men dette var perfekt.
Sandra: Och kycklingen va sååå mør. Gott!

Til hovudrett satsa EV på and i raud karri, SD satsa på fisk, Sandra på biff i raud karri og kokosmjølk medan MO gjekk for steikte nudlar med kylling og scampi.

EV: Ojoj dei burde setje opp ei åtvaring om sterk mat på denne!
MO måtte sjølvsagt bortpå og smake, og stemde i.
MO: Det er såpass sterkt at både snørr og tårer kan renne etterkvart, dei burde heilt klart skrive opp styrkegrad på slik mat.
Sandra: Red curry är nästan alltid gott, och den här var absolut värd å prova. Det är jo kanske litt safe, men på den andra sidan så är det himla gott også.
EV: Kva slags fisk er det du et, SD?
SD: Det ser ut til å være en slaks laksefisk. Jeg tror rett og slett det bare er - laks, faktisk.
MO: Nudlar er kanskje også keisamt, men eg hadde veldig lyst på og det var utruleg godt! Mangla kanskje litt chili eller kvitlauk for å vere på topp, men det er meir enn nok mat og eg er nøgd. Ein får vurdere å dra tilbake hit ein gong, ja.


Karakter: M
Til å vere thairestaurant er prisane litt høgre enn vi er vane med, men det kan vere verdt pengane. Det var hyggjelege servitørar, vi fekk automatisk påfyll med vatn, og maten var god. Forretten var heilt klart ein vinnar, men også hovudrettane er vel verdt eit besøk. Hit kjem vi nok attende fleire gongar, men kanskje med livvaktar om vi skal dit etter mørkets frambrot.







Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Pin my tail and call
Aileen 25.12.2016

Pin my tail and call me a doyenk, that really helped.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no