I høve restaurantbesøk nr 70 i fusgursk historie, falt valet på ein tur til Mares på vestkanten, ein sjømatrestaurant med eksklusive dukar og tilhøyrande prisar.
MO: Er vel hakket over i både pris og stivleik i forhald til kva vi er vande med, men eg gler meg til skikkeleg sjømat!
Vi var 5 stk som valde 4-rettarsen til 595 kr, med litt ombyte av dessertar og liknande. Servitøren tok jakkene våre (luksus!) og vatnet kom på bordet med litt kolsyre i. Så snart alle hadde fått bestilt, kom det inn brød på bordet i følge med olje, balsamico, salt og ein nydeleg raudoransje krepseolje til å dyppe brød i. Det gjekk ned på høgkant, og vart etterfulgt av ein appetittvekkar til alle saman – råe kamskjel, som var behandla på eit vis men ikkje steikt eller kokt. Det var ikkje alltid like enkelt å få med seg alle detaljar frå servitøren, men dette skuldast mange detaljar og ikkje servitøren.
SD: Det var en hyggelig overraskelse.
Henning: Nei, kan ikkje hugse å ha fått eit heilt kamskjell som appetittvekkar på restaurant før. Ein god start.
EV: Enig! Kan vi kalle det kamskjell-ceviche? Men kor blir det av vinen?
Servitøren kjem svinsande inn rett etter. Og beklaga på det sterkeste at vi hadde teke ein munnfull utan vin til.
Inn kom første rett, hummerravioli.
Ousman: Jag tycker inte om det här skummet som fölger med. Men hummeren og raviolien var god!
Sandra: Men det finns jo så mycket sås kvar! Har nån en sked..?
MO: Eg er veldig samd! Det skummet er berre i overkant fancy og litt irriterande, men resten var veldig godt på smak.
Det varte og rakk før neste rett kom, men då vaktelbrystet med krepsehalar kom på bordet, var vi alle blide.
MO: Dette var utruleg godt! Kanskje ikkje heilt i kategorien sjømat, men fantastisk.
Solveig: Eg har jo ete sjømat til lunsj og middag i 4 dagar no, så dette var utruleg godt. Endeleg litt kjøt!
Ousman: Vad är vaktel?
MO: Det er småfuglar. Ikkje heilt i spurvekategorien men.. godt er det, i alle fall.
Henning: Denne var saftig! Vaktel og kreps i perfekt harmoni.
EV: No angrar eg på at eg åt wienerbrød på jobbmøtet i stad ... Får eg smake litt?
Solveig: Mmm ... Eg skulle gjerne møtt kokken!
Hovudrettane kom på bordet etter nok ei lang ventetid. EV hadde valgt tunfisk, SD breiflabb, Sandra lardobakt kveite og resten fekk torskenakke som følgde med menyen.
MO var bortpå og måtte smake både breiflabb og tunfisk, men kunne lett konkludere med at breiflabben vart favoritt. Utan at dei andre rettane var dårlege av den grunn.
MO: Torsken var perfekt, ikkje tørr og ikkje undertrekt.
Ousman: Ja… det smakar torsk…
EV: Jøss, ein meter med tunfisk! Det var litt av eit fat! Og dette var skikkeleg tunfisk, veldig, veldig god. Perfekt steikt. Og tre sorter paprikapurré kan eg like. Sakner ikkje poteter ein gong!
Litt meir vin og litt meir ventetid, så rulla dessertane inn. Trippel creme brulee fulgte med menyen; ein med sjokolade, ein med pistasj og ein naturell.
Ousman: Jag tyckte faktisk mest om den med pistachie.
MO: Eg likte ALLE!! Det var godt, ein god «brulle» slår sjeldan feil!
Servitøren kom med foruroligande nyhende angåande EVs sjokoladefondant.
«Du vet at fondanter er jo litt følsomme, så jeg har en litt dårlig nyhet.. Den kastet seg rett og slett ned fra benken, men vi har satt i gang en ny til deg og den kommer om 5 minutter.»
Vel, det var greit å vere ærleg og vi sat pris på ein litt morosam vri på forklaringa – då vert ventetida raskt tilgitt. Og ifølge EV så var også fondanten særs god, og då er vel alt bra! Med god rabarbra til, og det synte seg at rabarbra er godt likt i dei fusgurske kretsar.
Solveig og Henning fekk bær i ein slags eggedosiskrem med Grand Marnier, og det såg også ut til å gå ned på høgkant.
Alle vart mette og gode, og nokre fekk også plass til ein kaffe – som visstnok var utruleg god. Ei særs god oppleving!
Karakter: S
Servitøren var på plass til einkvar tid, vi fekk god vin og god service, og maten var heilt klart i toppsjiktet av det vi har ete opp gjennom åra. Litt overrasking med belastning for vatn på slutten av rekninga, litt unødvendig, men greit nok. Det ante oss i det vatnet hadde litt kolsyre i, at det kom til å koste litt. Det tok lang tid mellom kvar rett, men det ga også tid til å la maten synke og konversere med dei andre rundt bordet, og med så god mat og service, går det utan problem. Og eit slikt godt måltid skal vel helst berre vare og vare. Litt stivare enn vi er vane med, men utan at det gjorde oss ukomfortable.
Brukeranmeldelser
Its a relief to fin
Barbie 26.12.2016
Its a relief to find somenoe who can explain things so well
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024