Sommaren var enno ikkje heilt på plass, men det var både tett og klamt denne tysdagen i mai. SD, MO, IV og Solveig karra seg over på andre sida av elva til Katedralen Pub og Spiseri i Parkveien for å prøve ut mattilbodet på ein litt enklare plass for ein gongs skuld.
MO: Litt mørk pub, kanskje ikkje heilt den rette for sommaren?
IV: Nei, men det var veldig koseleg her. Meir høveleg for hausten og vinteren.
SD: Det var jo veldig sakralt, da.
Katedralen er innreisa med ymse kyrkjebenkar (dog polstra) og vindaugskunst, eit litt mørkt lokale men med godt potensiale for ølling.
Det synte seg at frityrgryta var øydelagt, så fish and chips utgjekk. I tillegg var dei tomme for fetaost, så scampiretten MO hadde sett føre seg, var også uaktuell.
Det endte opp med at SD og Solveig gjekk for bautaburgeren, SD valde å toppe den med blåskimmelost for å gjere retten hakket meir spanande. IV satse på Biff Wellington, noko som kan vere eit sjansespel då den er vanskeleg å få til på skikkeleg vis. MO satsa friskt på cajun kylling med gratinerte søtpoteter.
Etter snart 45 minutt, kom maten endeleg på bordet.
IV: Ehm. MO, kan du smake på denne biffen...? Tykkjer den smakar litt merkeleg..
MO: Den er ikkje bederva eller sur, men den var heller ikkje veldig god på smak eller veldig mør.
Burgarane var heilt ok, dei var laga av ordentleg kjøt og servert på ordentleg fullkornsbrød med ovnssteikte potetskiver til. Kyllingen var veldig mør og saftig, med gratinerte søtpoteter, fløytesaus og haugevis av grønsakar til.
MO: Eg var særs svolten, så alt smakar vel godt men dette var faktisk veldig bra! Ikkje akkurat ei aha-oppleving, men dette kunne eg lett ha ete igjen ein gong. Veldig ok på ein mettande måte.
Karakter: G
Til å vere ein pub, så var maten absolutt brukbar - så lenge ein ikkje satsar korta på Wellington. Det bør dei nok overlate til andre stader. Men, heilt grei og god pubmat, skikkelege burgarar og godt tilbehør. Det tok altfor lang tid å få maten, men vi reknar med dette var ei følge av biffen. Dessert hadde ingen av oss plass til. Neste gong kjem vi nok tilbake for å satse på flytande heller enn maten, men skulle svolten ta oss så kan vi trygt bestille noko etande også.
Brukeranmeldelser
Notice, in the class
Egypt 26.12.2016
Notice, in the classics, Soc#2&i8n17;s blur was circular, and the “Super Peel Out” was oval and stretched.Now in the modern game, he always run in a blurry oval and stretched form. So… To make “Super Peel Out” they would have to reverse it and make his legs run in a circular blur during the moves execution. Which would not look right by any mean’s i’m sure.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024