Første tysdag etter påske la fusgur ut på oppdagingsferd heilt til Bislett, eit urørt område i fusgurs historie. Vi hadde høyrt lovande ting om St Lars, og trass i at dei trugande nok ikkje tek bordbestillingar tok vi sjansen.
Det var ikkje heilt enkelt å finne, sidan fasaden er dekt av stillas og netting - og det var ikkje akkurat noko skilt som annonserte restauranten i noko særskilt grad.
EV: Oj, det var ikkje akkurat slik eg hadde venta meg.
MO: Nei, litt sånn pubaktig? Men, vi fekk i alle fall bord.
Menyen kom på bordet, vatn var i glasa og vi sikla over diverse kjøtrettar.
SD: Hornstrålesaus...? Høres ikke det ut som litt sånn Harry Potter-mat...?
EV: Bloody Mary med svømmende østers??
Vi droppa forrett, klar til kjøtfylte hovudrettar, spesialiteten til denne grillrestauranten. MO og SD bestemte seg for å dele ein lammebog, medan EV gjekk på andelår etter ei påske med relativt mykje lammekjøt på menyen.
Etter kvart kom det ein heil lammebog på bordet, med kniv.
MO: Her er det i alle fall nok mat!
SD: Potetmosen var utrolig god!
MO: Kan eg ane eit hint av fløyte og smør..? Ev. store mengder?
EV: Anda var supersaftig! Og grilla appelsin kan eg like. Dette har dei gjort før.
Godt og mørt kjøt på alle kantar, med eit veldig godt tilbehør av rotgrønsaker og potetmos.
MO: Mangla liksom litt saus, føler eg.
SD: Det var jo ok med sennep til, for så vidt.
Det var rikeleg med mat, men sidan kjøtet var så mørt og godt gjekk alt med - og vi klarte knapt å sitje på stolane etterpå.
MO: Om nokon vil dele ein vannbakkels med uendeleg sjokoladesaus, så berre sei frå. Det høyrest utruleg godt ut!
SD var med på dette.
EV: No hadde det gjort seg om det var medeigar Andreas Viestad kom susande inn med desserten. Det hadde vore noko å fortelje om heime!
Etter ei lengre pause fekk vi endeleg bestilt og servert vannbakkels med innebakt vaniljeis og varm sjokoladesaus på.
MO: Korleis klarar dei å bake inn is?
Etter ei påske med relativt mykje sjokolade nøgde EV seg med ein kopp kaffi medan ho såg på sjokoladesausen som strøymde inn i gapa til MO og SD.
Karakter: M
Lokalet er veldig slitt, det er tydeleg at dei satsar på litt meir uformell pub-stil. Kjøtet var utruleg godt og mørt, tilbehøret var veldig bra men det mangla litt saus av noko slag. Desserten vi prøvde var heilt ok, men den høyrtes betre ut enn den faktisk viste seg å vere. Tok veldig lang tid å få kontakt med servitør for å få tak i dessertmeny og for å få betalt då vi var ferdige.
Praten gjekk i foreståande bryllaup og feriring. Fleire teoriar om korleis is kan bakast inn i vannbakkels såg dagens ljos. Og alle var samde om at det er greit å ha papirarbeidet i orden.
Brukeranmeldelser
Copying what works i
Mateen 26.12.2016
Copying what works is much easier online: Google will tell you what people pay to advertise for a particular keyword (), so you can search for a term, look at the ad, and see what someone writes when they're paying $20 *per click* for people to read it.Most of the results are straight out of Schwab's “100 Good Advertising Hed8aines.l221;
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024