Heile 9 menn og kvinner kara seg til Stortingsgata og Restaurant Løvebakken på glattisen på denne hutrige desemberdagen. Høvet var fusgurs årlege desembermøte og julebord.
Når EV og Henning kjem heseblesande inn døra, har klokka krope godt over seks, og blikka til sju svolte andlet møter dei ved bordet. "Den siste julegåva måtte hentast på Kolbotn," forklarer dei unnskuldande, "og skiltinga til lageret var fråverande." Seintkominga vert tilgjeven, ekstra bord kjem på plass grunna dårleg kommunikasjon med bookingavdelinga og merksemda vert retta mot menyen.
SD: Her går det i italiensk. Mye som frister. Det må bli forrett i dag!
EV, Leif og Henning er enige.
Henning: Italiensk er lik pasta. Då vert det det til hovudrett.
EV: Eg kan ikkje språket, men "Risotto ai frutti di mare" syng bra ut i mine øyrer. Voner det smaker òg. Iallfall med eit glas kvitvin til.
Leif: Jeg satser også på risotto. Med sopp og chorizo.
Lise: Jeg går for biff. Sa ikke servitøren at dagens poteter var fløtepoteter?
Det samme gjer SD og IV. Bente får sin eigenkomponerte salat. Tilbod om topping av tunfisk frå boks takker ho nei til.
To sett med "Antipasto misto - et utvalg av oster og spekemat fra Italia med brød" vert bestilt og kjem etter kvart på bordet.
EV: Lurer på kva slags ost vi har fått? Eg liker at servitøren forklarer kva som ligg på fatet ...
Leif: Dette er vel manchego.
EV: Og spekeskinka? Hehe.
Leif: Den kommer nok fra en gris :)
Det vert lenge å vente på mat for dei som ikkje bestilte forrett, så forventningane er høge når hovudrettane kjem på bordet etter langt om lenge.
Leif: Denne grå grøten er ikke risotto ... Ekkel konsistens og lite smak. Klarer ikke spise mer. Skulle heller gått på pubquiz i kveld!
EV: Eg var heldigare med min. Til og med fått ein kreps på toppen! Dette smakte sjø! Prisen på 140 kroner var heller ikkje avskrekkande.
Henning: Min pasta med reker smakte også greit.
Lise: Hm ... Hvor er fløtepotetene? Og grønnsakene er gråbrune og dvaske.
IV: Eg bestilte òg fløtepoteter, men desse tørre, harde potetbitane svøm ikkje som venta i fløyte.
SD: Nei, dette holder ikke mål. Hadde gledet meg slik til å besøke Løvebakken. Har lest positive anmeldelser, så ventet at maten skulle være hakket bedre preparert.
Henning: Kan hende pizzaen deira er god??
Det syner seg at vi var blitt feilinformert om dagens potet. Ovnssteikte poteter var rett. Eller rettare sagt "sprøsteikte".
SD: Det blir ikke dessert i dag.
IV: Nei, har mest lyst til å kome seg ut herfrå.
EV: Vi får sende ein tankje til MO. Dette er det fyrste fusgur-møtet ho går glipp av.
IV: Det er vel det ein kaller god timing!
Særs varierande kvalitet på rettane. Ingen vert spurt om korleis dei vil ha biffen steikt. Rot med bordreservering og dårleg organisering og kontakt mellom serveringstilsette og kokkar. Men pluss for trivelege lokaler og hyggelege servitørar. Som prøver så hardt dei kan å vege opp for eit slapt kjøkken som skulle hatt seg ein oppstrammer. Det er ikkje SÅ vanskeleg å steikje poteter.
Karakter: G
Brukeranmeldelser
Brucine, vous vous Ã
Janeece 26.12.2016
Brucine, vous vous énervez pour rien.Je ne suis pas tout à fait sûr dâ??être d’accord avec vous sur tout (je m’interroge), mais ça ne sert à rien ici.Ici, on pratique la dyptéro-sodomie sur les mots (la forme), mais pour les idées (le fond) on est assez &lslpo;&nbsu;soupqe&nbap;»…C’est parfois un peu étrange je l’avoue, mais c’est ainsi.
Per Bacco på Grønland
EV 19.04.2011
Sugen på bra italiensk? Prøv Per Bacco på Grønland. Den ligg ved Olympen. Har vore der ein gong. Følget fekk feil pizza. Men det vart meir enn oppvegd for med tilbod om å lage ny rett. Men vi endte i staden opp med stort stykke tiramisu og kaffi til. Av ein italiensk, syngande servitør :)
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024