Ein onsdag seint i mars tok med seg forhåpningar om mildare ver og sol, og det feira fusgur med ein tur til Christiania Cafe i Oslo sentrum med kupong i handa
MO: Det er jo unekteleg koseleg her, då. Usikker på om det er formelt eller uformelt, men på ein god måte.
EV: Kva er det med desse dokkehovuda på utstilling?
Servitøren var kjapt på plass, alle fekk vatn i glasa og menyen vart saumfart med svoltne auge av heile gjengen. For anledningen fekk vi velge 3 rettar ut frå menyen, eit kupp vi ikkje kunne la gå frå oss!
EV: Det er gode val her i alle fall.
MO: Eg vil ha alt!
SD: Det var egentlig passe stor meny, med mat som frister men som gir valgmuligheter.
IV: Tror det blir lam til hovedrett, i alle fall.
Kupongane vart leverte inn, og servitøren tok imot bestillingane våre utan å skrive ned. Ho kom tilbake eit par gongar for å dobbeltsjekke bestillinga, men det er for så vidt betre enn å få feil mat.
MO gjekk for røykt hjort, breiflabb og sjokoladefondant. SD for foie gras, breiflabb og tre smakar is, EV for kval, lam og ostefat og IV for carpaccio av sjøkreps, lam og blåbærfløyteterand.
IV: Dette var godt! Veldig sterkt på smak, men godt.
SD: Ja, det var dette også. Lurer på hva disse små, oransje bærene er for noe..? kan det være umodne tyttebær?
MO: Eg er SÆRS nøgd! Det var ein god porsjon, kjøtet var smakfullt og den kremen var fantastisk god!
Vi måtte diverre vente ei god stund på hovudretten, på grensa til det som bør vere.
MO: Denne breiflabben er himmelsk!
SD: Dette er noe av den beste maten vi har spist i fusgursk historie, tror jeg.
EV: Lammet var godt og mørt.
IV: Men litt vanskeleg å ete.
Servitøren henta inn dei reinsleika tallerknane, og spurte samstundes om vi ville ha dessert med ein gong, eller om vi ville vente. Vi sa med ein gong, og heldig var det for vi måtte likevel vente i lang tid. Det var visst MOs sjokoladefondant som drog ut tida, laga frå botnen av.
MO: Denne isen til fondanten smakar faktisk øl. Aha. Ølis, faktisk. Spanande..
SD: Ja, isen smaker faktisk skikkelig øl. Og denne brunostisen smaker brunost.. ikke umiddelbar suksess, men absolutt interessant.
IV: Den sjokolademoussen var utruleg god, men fløyteranden var kanskje ikkje heilt det store?
EV: Eg fekk berre norske ostar, det er jo eit pluss. Men den blåmuggen var kanskje noko kraftig for meg.
Karakter: M+
Lokalet er veldig uformelt, men stilig og pompøst på ein merkeleg måte. Servitøren var meir enn hyggjeleg nok, men det gikk til tider treigt og det var vanskeleg å få kontakt. Maten var av det beste vi har vore borti i historia til fusgur, og det seier jo litt. Hit vil vi tilbake!!!
Brukeranmeldelser
Brlaliince for free;
Butterfly 25.12.2016
Brlaliince for free; your parents must be a sweetheart and a certified genius.
test
test 20.09.2011
test
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024