Med det nye slagordet ?kupong er konge?, kom DHK seg på ein tur til Namaste på Grønland. Med livet som innsats ? i alle fall utsatte kroppsdelar ? kom vi skliande inn, klar til å sette til livs 5 rettar:
Garlic King prawns
Cocktail Samosa
Grill mix
Gulab Jamun
Karri i sjokolade
Servitør kom raskt på plassen, og vi fekk vatn I glasa og mugge på bordet. Han forklarte også menyen vi kom til å få, og det viste seg fort at dei hadde gjort ein liten vri på denne menyen.
På bordet kom foretten, som var to forrettar slått saman til ein ? ei reke og ein liten samosa.
MO: Ja. Ei reke, faktisk. Det er vel neppe ein heil forrett, trur eg hadde blitt litt skuffa om eg betalte full pris på denne reka..
EV: Nei, eg las fleire slike reaksjonar på nett ? vi er ikkje dei første som er her med kupongar.
Neste rett kom på bordet, med saus i 2 skåler utanom ? mykje saus.
IV: Oooo noko var sterkt her! Ojoj!
SD: Ja, alt var sterkt. Jeg var så dum jeg hadde på saus, men det grønne her er jo innmari sterkt allerede!
MO: Men godt var det, endå eg ikkje er fan av indisk går jo dette fint.
EV: Veldig fint og mørt kjøt, i alle fall.
Så kom dessertane på bordet, noko litt ubestemmeleg fugdeliknande i tillegg til noko butterdeig som hadde bløytna i lake av noko slag, med ei fin kule pistasjeis i midten.
MO: Sørlandsis pistasjeis ? nam nam.
SD: Merkelig at alle liker pistasjeis her, det er jo nesten ingen som liker ellers!
Karakter: G+
Følte oss kanskje litt lurt, men til halv pris var det heilt klart valuta for pengane. Lokalet er ikkje akkurat indisk, men det er ikkje negativt ? det er heilt ok med god plassering på teaterplassen. Sommaren er nok betre for denne restauranten enn ein måndag i februar! Servitøren var oppmerksam nok, ikkje noko å seie på servicen. Trur ikkje vi ville ha betalt full pris og vore like nøgd.
Brukeranmeldelser
Tilo - HiThe pics ca
Starleigh 26.12.2016
Tilo - HiThe pics came out really good. It was cold at this but I enjoyed every minute there. You did a really good job to set us in scene. Thank you so mutch aglaiTnio
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024