DHK risikerte liv og lemar for å kave seg fram på glattisen til Raymonds Mat og Vinhus i Vika. Kupongar frå Groupon var i hende, og vi gleda oss til 4 rettar til ein rimeleg penge på ein restaurant vi hadde sett fram til å vitje.
MO var først på plass, men vart ikkje møtt av servitør og sette seg på eige initiativ ved eit bord, sidan dei fleste borda stod tomme.
Servitøren kom etter nokre minutt, med følgande kommentar : "Du fant deg en plass, ja". Eg måtte svare som sant var, at eg venta 3 stk til og at vi hadde bestilt bord, men at eg berre sette meg der det var ledig. Neste setning han produserar er "Vil du ha hvitvin mens du venter?" Eg takka nei, men ville gjerne ha vatn enn så lenge. Vatn kom i form av ein karaffel, om lag klaska ned på bordet..
IV var no kome på plass, og EV og SD kom kort tid etter. Servitøren spurte nok ein gong om kvitvin, men vi sa vi tok vatn til å starte med.
IV: Er det berre meg, eller er det litt kaldt her?
MO: Det er nok mogleg dei sparar på straumen for tida, ja.
På menyen vår stod det 2 forrettar, lakserullade og så scampi og kamskjell. MO prøvde iherdig å få tak i servitøren for å få tak i eit vinkart, men sjølv med hjelp av SD var det lite håp å spore.
SD: Nå så han RETT på meg, men likevel ingen reaksjon?
MO: Kanskje han skulle hatt briller?
Servitøren kjem til slutt med lakserulladen, og MO nyttar høvet til å spørje etter vinkart. "Jeg har den vinen som står der", er svaret og han peikar på ei vinhylle i kroken. Etter MO set opp eit forbausa uttrykk, kjem han med vidare forslag til ein Sauvignon til 399,-, kor på MO prøvar å spørje kva det kostar for eit glas. Midt i setninga snur han og går mot døra for å ta imot nye gjestar.
MO: Kva var det for noko?? Gjekk han midt i setninga? Den vinen kan eg vel berre gløyme"Š
EV: Då kan det vere det same, liksom.
Servitøren kom attende med ei vinflaske som han skjenkte i, og så kom forklaringa. Det kostar ikkje pr glas, men du betaler for kor mykje du drikk av flaska. Greit nok.
Neste forrett kjem på bordet, scampi og eit kamskjell.
EV: Litt spanande og spicy saus til, godt på ein kald vinterdag.
IV: Det er noko søtt i her også. Kan det vere mango?
MO: Det var godt, men dei har jo brukt nett same salaten som til laksen.. Og, han spurte aldri kva vi ville ha til hovudrett?
Det synte seg at vi fekk torsk. Valet var altså ikkje reelt, men greit nok. Vi var redde for å gjere servitøren ytterlegare fiendtleg innstilt. Han var oppteken med å ta imot nokon som heilt klart var stamgjestar, og det var nesten så vidt ein kunne sjå eit smil i det desse 2 damene kom inn døra.
Torsken og tilbehøret var godt, og alle åt opp rubbel og bit. Desserten, panacotta med sitronsorbet og bær kom på bordet, og det var vel vinnaren i dette måltidet.
MO: Eg kan vel ikkje akkurat seie at det innbyr til tipsing, eg er svært skuffa.
SD: Maten er jo for så vidt god, ikke noe wow, men det er jo helhetsopplevelsen som gjør at man sitter tilbake med et dårlig inntrykk her.
SD sat med jakka på, så kaldt var det i lokalet.
IV: Ja, det er litt lummert her inne også, litt for mørkt "? eg måtte bruke lyset frå stearinlyset til å sjå kva eg åt.
Karakter: G
Det einaste som trekk opp her, er maten. Den var heilt ok, men diverre bør nok Raymond ta seg eit smilekurs. Sjølv om vi kjem og et på tilbod som betyr at vi betalar halv pris, så er dette særs dårleg reklame. Hadde vi fått ein blid og hyggjeleg servitør, med anbefalingar til vin, og generelt god service, hadde vi nok kunne anbefalt staden til andre, tipsa bra og også drukke meir vin. Men, diverre er ikkje dette service vi kan stå inne for. Det hjalp ikkje særskilt at servitøren snakka om oss til sine stamgjestar rett før vi gjekk. Vi høyrde ikkje kva som vart sagt, men vi trur vel neppe det var positivt. Slikt gir kr 0,- i tips.
Brukeranmeldelser
Shiver me timbers, t
Alyn 25.12.2016
Shiver me timbers, thems some great intfamroion.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024