Oktobermøtet tok stad ved Folk Flest, tidlegare Riverside, nederst på Løkka. Lokalet var tilnærma tomt då vi kom til staden, men vi kunne raskt stadfeste at lokalet har fått seg ei skikkeleg oppshining og framstår som rett koseleg.
Servitøren kom raskt på pletten, og vi informerte om at to av oss hadde teke med det fantastiske tilbodet frå My City deal dagens tre-rettars til berre 150 kr per pers.
Etter ein kikk på menyen vart det til at alle 4 bestilte dagens 3-rettars, som bestod av blomkålsuppe, laks og sjokoladepanacotta.
IV: Eg likar ikkje blomkålsuppe. Trur du eg kan få bytta det til noko anna?
Sjølv om det slett ikkje var avtalen, gjekk kjøkenet med på å erstatte det med skaldyrsuppa, og IV vart nøgd.
MO: Denne suppa var fantastisk god! Håpar resten av måltidet står i stil.
EV: Kva er det greia i midten? Var det uksehale det stod på menyen?? Namnam!
IV: Eg trur skaldyrsuppa er kokt på same base, for dei smakte litt likt. Men, den var jo god.
SD: Denne var veldig god, jeg er veldig fornøyd.
IV: Såg det at lokala til Restaurant Babord var tomme då?
EV: Kva!? Det er jo ein av mine favorittar! Det er der eg får i meg den kvartalsvise dosen sjømat!
SD: Tja, ikke så veldig trist. Syns at 100 kroner for et kamskjell var litt drøyt.
Etter høveleg tid, kom hovudretten på bordet.
EV: Dette var saftige greier. Er normalt ikkje så begeistra for laks, men dette smakte ikkje laks - berre mykje betre!
MO: Perfekt laks!
SD: Ja, denne var utrolig saftig og god. Og med hjemmelagd rødkål. Det blir ikke bedre enn dette!
IV: Laksen er jo heilt rå? Eg klarar ikkje ete dette, eg får ete kantane.
MO måtte til å smake på laksen, men meinte den var heilt ok. Det er nok berre snakk om smak og behag.
EV: Kjem dåkke i hug den posjerte ørreten vi fekk servert på Eik? Den var litt for rå for min smak, nesten kvalmande.
MO: Ja, den var hakket verre. Men denne tykkjer eg er perfekt.
Etter ei stund med åi-ing over laksen, kom panacottaen på bordet. Kunne den toppe hovudretten?
EV: Den var jo heilt ok, men frykteleg søt. Eg kan faktisk lage betre sjølv. Eg HAR nett laga betre sjølv.
IV: Denne var keisam, ikkje noko for meg.
MO åt som alltid opp alt, og var særs nøgd.
SD: Mmmm.
Karakter: M
Lokalet er koseleg, servitøren hyggjeleg og maten overraskande god. Stort pluss for å vere fleksibel! Beliggenheita har absolutt store potensial, og til sommaren er det jo eit stort uteareale som kan kome til nytte. Maten er det ikkje noko å seie på, her kan vi kome på besøk fleire gongar. Sjølv den fulle prisen på 325 for dagens tre-rettar er slett ikkje ille, når ein får såpass god mat.
Brukeranmeldelser
Thats an expert ans
Delia 26.12.2016
Thats an expert answer to an intteesring question
God mat og god service igjen!
MO 28.03.2011
Har vore der ein gong til med kupong, og var særs nøgd denne gongen også!!! Veldig god mat.
Flytta jo julebordet vårt hit før jul, og det var god mat, god service og bra stemning. Dette er ein stad verdt eit besøk - om dei passar på å skru opp varmen til kvardags. Var litt kjøleg ein onsdag i februar.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024