Fusgur logo

New Orleans (NEDLAGT)

Juni 2006
New Orleans - nedlagt

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Kreolsk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Sola skein, men varmen uteblei denne siste dagen i mai. Vi var klare for litt Louisiana cooking på New Orleans, cajun/kreolsk mat stod på plakaten og smakslaukane sprella i munnhola av forventningar medan vi såg over menyen.
SD var litt forseinka som vanleg, og i tillegg vart det ymse forvirringar vedrørande lokalisering av restauranten men ventetida gjekk med til å prøve ut ein spanande forrett delt på MO og IV.. Cajun popcorn = friterte krepsehalar med sherrydip.

IV: Å det her var grådig godt!!
MO: Nice! Skikkeleg svolten er eg, men desse krepsehalane var nydelege. Og dipen betre enn namnet gav meg inntrykk av?

Så var SD på plass, og vi var klare til å bestille hovudrettar. Det både varte og rakk før servitøren såg til oss, og 2 av dei beste rettane på menyen var ikkje mogleg å få -var det kanskje tomt? Etter ei stund hadde vi fått bestille, men syntes nok vår svenske blonde servitrise var noko uhøfleg og verka uinteressert i kva vi hadde å seie.

IV: Eg satsar på lammecarrè med potetpurè, lam er jo mørt og godt.
MO: Hm. Eg er usikker.. tiger ribs ser jo godt ut då, med mykje tilbehør. Eller? Kylling med jalapeños og cheddar er vel ikkje ille?
SD: Tiger ribs? Jeg prøver å kutte ned på tigre.. går utover fordøyelsen.. Jeg satser på steinbit med chili og ingefærpasta!
MO: Ok. Kylling vert det!

Etter 40 min stod maten på bordet, og alle var samde om at dette var for lang ventetid i eit knapt halvfullt lokale. Vart vi nedprioritert sidan vi berre var 3 stk?

IV: Det er jo berre feitt her jo.. altfor liten porsjon for meg, ikkje mykje mat i den her.
MO: Er usikker på kor mykje jalapeños som er her, for sterkt var det vel kanskje ikkje. Men kyllingen er mør og potetbåtene er ok då, og mangosalsaen gjorde seg betre enn venta!
SD: Steinbiten var god, og pasta til fisk gjør seg veldig bra. Kjenner at det er chili på gang her da, tror vi må ha mer vann!

Samla karakter: G
Det var skuffande dårleg service, vart ikkje lagt merke til uansett kor vi strakte hender i vèret- og det endå vi sat om lag rett framfor disken! Difor var vi kjipe med tipsen, for slik haldning bør ikkje ein servitør ha uansett kor mykje ein har å gjere. Maten var ok, men levde ikkje opp til forventningane heilt unnateke for SD og vi syntest nok prisane var noko stive i forhald til produktet. Vi følte oss oversett av servitørane, og det hjelper jo heller ikkje på inntrykket.

Debatten vart forkorta av ulike grunnar denne gongen, opphenting stod på planen samt at formen ikkje var på topp hjå einskilde medlemar. Det var heller ikkje eit miljø som inviterte til lang prat ved bordet etter at maten var godt plassert i magen, sjølv om lokalet var greit nok. Vi fekk dekka hovudsakene sjølvsagt og ønsker IV lukke til med eit nytt og betre liv, og håpar at det kan ha positiv innverknad på gruppa generelt. Når den dama gliser i fleire timar i strekk, er det berre fryd og gammen for alle saman! Andre slit med initiativ til både det eine og andre, men vi håpar alle saman at ting fell på plass slik at også vi kan satse på eit nytt og betre liv snarast. EV er venta attende til Moderlandet om berre nokre få veker, noko seier oss at det kan vere eit hint av brunfarge på den tidlegare så bleike vikingekroppen. Vi ynskjer vårt reisande medlem lukke til dei siste vekene, og gler oss til rapport ved nærmaste høve!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no