Fusgur logo

Tre Galli (NEDLAGT)

November 2010

Tre Galli (nedlagt)

Beliggenhet:  
Kategori:
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Etter ein kald tur ute i minusgradene, fann vi fram til eit varmt lokale på Tre Galli, på Doubletree by Hilton.
MO: Er eg sein??? Kor tid vart SD den som kom først kvar gong?
SD: Litt usikker, men tror det var etter at jeg bytta jobb?
Servitøren kom susande og tok med seg jakkene våre, greit å få bort svære vinterjakker.

EV: Var betre jakkeservice her enn på Annen Etage, i alle fall.
Vatn kom i glasa og menyar var på plass, bra og hyggjeleg service av ein servitør som var noko ustabil på norskfronten.
MO: Å, dette såg godt ut. Er jo glad i fløytesausar, men eg har litt lyst på den med kylling også.
EV: Ja, eg blir lett litt kvalm av slike sausar. Kva er linguini?
SD: Det er tynn spaghetti.

MO og EV gjekk for linguini med trøffelsaus, kylling, parma og parmesan, medan SD satsa sterkt på ravioli. Det varte og rakk før maten kom på bordet, nærma seg heile 45 minutt frå vi kom til maten var på plass.
EV: Mmm, dette såg godt ut!
MO: Maten min er faktisk nesten kald?
Maten til både EV og MO var lunken, medan SDs rett var meir enn varm nok.

SD: Jeg tror kanskje de har laget deres først, så har de måttet vente til min var ferdig..
MO: Ja, er vel ikkje vits i å sende inn igjen- blir vel berre ei runde i mikroen.

Karakter: G-
Det var ei bra byrjing på service, med servitør som svinsa rundt oss og henta jakker, men det fortsatte diverre ikkje slik. Det tok lang tid med maten, og det tok lang tid før vi fekk påfyll vatn. Generelt vart vi overletne til oss sjølve, og vi måtte gi opp forsøket på å få tak i rekninga og gjekk til slutt opp til baren for å betale. Å tilby kaffe eller dessert hadde vel kanskje vore meir på sin plass? Maten var god, men det er ein klar fordel om den kan serverast i varm tilstand. Det var ikkje akkurat mykje folk som gjorde at servicen var dårleg, det var vel tilsaman 5 bord i lokalet med etande gjestar.

Vi prata litt i etterkant på grunnar til at vi slit med dårleg service. Ein teori går ut på at vi sjeldan drikk vin/alkohol til maten, og dette fører til at vi legg igjen mindre pengar enn andre. Eller kan det vere at vi rett og slett ikkje ser ?rike? nok ut? Er ikkje pengane våre like mykje verdt som andres? Eller er det faktisk slik at alle andre slit like mykje som oss? Burde ikkje det aller minste krav vere at ein får tilbod om dessert eller kaffe etter måltidet, og også slepp å jakte etter rekninga?


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
You put the lime in
Mahaley 26.12.2016

You put the lime in the concuot and drink the article up.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no