Ein regntung måndag i slutten av oktober våga fusgur seg ut på eit vågestykkje utan like. DHK la ut på ein ekspedisjon til Vikaområdet, nærare bestemt Hotel Carlton og deira restaurant Mikaku. Det var vått og mørkt ute, og inne var det faktisk ikkje ein einaste gjest. Det syner seg at måndag er ein særs dårleg dag å ete ute på..
MO: Sushi til forrett er ein sjølfølge, så då kan vi jo dele ein liten laks og scampi då SD?
SD: Ja det er jeg med på.
IV: Eg prøvar meg på marinert, fritert kylling.
Servitøren var på plass kjapt med menyar og vatn, men det skulle vel berre mangle om dei ikkje skulle ta vare på sine einaste gjestar.
SD: Laksen var god, men scampien klarer jeg ikke..
MO: Då tek eg den, heilt ok men ikkje noko meir enn det..
IV: Smak på kyllingen min då, eg har jo fått ein særs vaksen porsjon.
Alle smakte på kyllingen og vart samde om at den vann framfor sushi. Det var mykje og den var god!
MO: Eg er vill og gal og prøvar innbakt kval til hovudrett!
IV: Eg trur eg køyrer litt meir forsiktig med innbakt svinekjøt i barbequesaus..
SD: Hm. Kanskje kyllingspidd med teriaky?
Maten kom fort på bordet, det er jo ein fordel med å vere einaste gjestar. Men den einaste, for lokalet vart fort tomt og litt sjellaust på den måten. Det er tydeleg at det på dagtid er hotellets frukost og lunsjrestaurant, litt for tydeleg til å skape den heilt store stemninga.
MO: Mmm! Kvalen er mør og god den, sjølv om eg ikkje synest den barbequesausen var all verda då.
IV: Nei, det smakar meir tomatsaus.. ikkje noko særleg min smak diverre.. Men det går no ned.
SD: Dette var jo helt ok, ikke noe å rope hurra for men så er jo japansk mat veldig spesielt. Jeg får fort nok av det liksom.
MO: Det er kanskje lettare å like kinesisk og thai synest eg, men så er jo det meste ?norskifisert? og vips! Så har vi eit nytt ord!
Maten var ok, men ikkje noko meir enn det. Spanande å prøve nye ting, men diverre er nok ikkje japansk maten for våre ganar. Hyggeleg servitør er jo alltid bra, og maten er fort på plass.
Samla karakter: G
Lokalet innbyr ikkje til kos eller romantikk, det er litt vanskeleg å finne og maten var midt på treet. Det vart eit kort møte denne gongen og vi kjem nok ikkje attende diverre.
Eit kort møte gjorde også sitt til at det vart korte debattar. SD slit med pengeproblemar i MOs skala, noko som gjer at ho kvalifiserar til ein månads medlemskap i Harikkjerådtilnoko- klubben. Eit lite referat frå helgas hendingar og Gylne tider, Pat Sharp, 80-talet, breitling replica unge gutar og mangel på nøklar vart sjølvsagt gått gjennom, utan at dette skal gjentakast i skriftleg form. Det mest dramatiske hende på heimvegen då IV skulle ut på eiga hand i trafikken. Det endte med knall og fall i rennesteinen, og ho er no sjukemeld med forstua hand og til dels invalidisert kne. Dette i tillegg til den usannsynleg store mentale skada som traumet har påført særskilt stoltheita hennar, gjer heile konseptet med måndag i kombinasjon med fusgur til noko vi neppe vågar oss utpå ein gong til. Og aldri skal vi vel sleppe IV ut på eiga hand utan tilsyn igjen!
Brukeranmeldelser
Raquel, sua linda!!!
Augustina 26.12.2016
Raquel, sua linda!!!Só poderia mesmo Deus estar no comando da sua vida, você é uma pessoa linda, doce, generosa e muito iluminada!E o melhor de tudo: é minha mais nova amiga!!!Amei a sua história e o jeito como co3&0ut#82no;sempre bem humorada.Que Deus proteja ainda mais a sua linda famÃlia, com muitas bençãos de saúde, sucesso e muito amor!Beijos mil,
??????? ???? ? apple iphone
teartriarry 22.05.2012
??? ??????? ???? ? ????????? ? ?????? ????????
Apple Iphone
??? ? ??????? ????? ???????? ????????? ?? ???? ??????
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024