Før sommaren hadde sluppe taket heilt, tok DHK i fusgur turen til Ruffino, ein italiensk restaurant ikkje langt frå Slottet.
EV og SD var allereie på plass ved bordet før MO, og etter kvart IV, fann vegen. SD slo på stortromma og bestilte med ein gong 4 glas prosecco, for å feire trulovinga si ? og vi tok glatt i mot. Det var særs gode boblar, så dette lova godt for forsetjinga!
Hovmestaren (ev. dagleg leiar, tydeleg litt meir enn vanleg servitør) helste oss velkomen på italiensk, og såg til at vi hadde alt vi skulle. Etter kort tid fekk vi brød, både med og utan pinjekjerner, samt kvitlauksolje, balsamico og chiliolje.
MO: Oh, dei har ikkje spart på kvitlauken, det skal vere sikkert! Men, god var den.
IV: Det blir nok ikkje mykje klinings i kveld, men sjansane var jo små uansett..
SD: Jeg tror jeg likte chilioljen bedre enn hvitløken, den var også litt spicy.
MO: Eg er mett allereie?
MO og EV enda opp med same rett, tortellini fylt med parma i fløytesaus med skinke, medan IV og SD satsa på spaghetti med kongereker, kvitlauk og chili. Det tok ikkje altfor lenge før maten kom på bordet og fersk riven parmesan vart dryssa over av servitøren vår.
EV: Oj, dette kjem eg nok til å bli litt kvalm av.. det var veldig godt, men det var ein tjukk saus. Eg blir fort mett og småkvalm av sånne fløytesausar.
MO: Det var fantastisk godt!! Eg er særs nøgd, og litt kvalme skal eg ikkje la stoppe meg.
EV: Det såg lite ut då eg fekk det, men kjenner at det er meir enn nok..
IV: Eg syntes dette var godt, men det var litt smaklaust?? Hit med peparen. Korleis et ein desse krepsane? Det er jo skal på?
SD: Jeg syntes det var godt med smak, men så er jeg fan av lite salt etc. Dette passet veldig godt for meg. Du kan spise alt, bare du tar av hodet. Og, om du ser en tarm, så fjerner du selvsagt den også.
MO og IV delte ein sjokoladefondant til dessert, medan EV og SD haldt seg til henhaldsvis kaffi og cappuccino.
MO: Mmmm dette var godt.. sjokoladefondant med italiensk gelato, physalis og jordbær! Eg kan LETT anbefale denne!
IV: Ja, den har ikkje problemer med å skli ned, akkurat.
Karakter: M
Ruffino har eit særs koseleg lokale, og maten er absolutt verdt eit besøk. Det er uformelt, men stilig. Det var litt folk i lokalet, men ikkje overfylt ein onsdag ettermiddag. Maten var god, servicen ok ? bortsett frå litt tid å vente på å få tak i rekninga, men der må vi også ta sjølkritikk pga. ustabilt fokus. Dette er eit trygt val for italiensk mat i Oslo!
Brukeranmeldelser
If only there were m
Ziarre 25.12.2016
If only there were more clveer people like you!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024