Fusgur logo

Ved Brua (NEDLAGT)

September 2010

Ved Brua (nedlagt)

Beliggenhet:   Vika
Kategori:
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein fin haustdag i slutten av september, valde fusgur å vitje Ved Brua - mykje pga. omtalar med lovnader om ein smak av Karibia og ikkje minst eit særs godt tilbod gjennom MyCityDeal, med 175 kr for 2 pax og 3-rettars middag. Etter gode omtalar, gledde vi oss over eit slikt kupp!

Lokalet var enkelt nok å finne og småtrendy og fargerikt - men heilt folketomt. Vi fekk satt oss på litt ustabile, stilige stolar, og fekk servert vatn og meny snarast. Tørt brød med god aioli kom også snart på plass.

SD: Er det Franz Widerberg de har på veggene??
SD går nærmare for å sjekke signaturen på eit av dei mange bileta av langbeinte menneske.
SD: Nei ... Det er visst bare noen som er inspirert av han.

IV: Dette brødet var vel ikkje akkurat dagens.
Kvitlauksmajonesen og brødet gjekk likevel ned, men dei kunne med fordel brukt litt ferskare brød.

Det var laks til forrett for dagen, torsk til hovudrett og sjokoladefondant til dessert.
MO: Litt rart å ha fisk til både for-og hovudrett..??

EV: Dette var jo for så vidt ok, men trur eg kunne laga det like bra sjølv..
IV: Kva er det? Røykt laks, mykje olje, noko paprika og noko anna.
SD: Vårløk, asparges og parmesan. Ikke noe å rope hurra for, men helt greit.

Det varte og rakk før hovudretten kom på bordet, faktisk måtte vi vente i 40 min frå forretten var rydda til det endeleg dukka opp meir mat.

MO: Eh, torsk innbakt i bakepapir, kva slags konstruksjon er dette?
EV: Spanande, men litt upraktisk? Kva gjer vi med papiret?
MO røska av papiret og trøkka det opp i ei skål.
MO: Det kjennest ut som ein type klippfisk? Det var ikkje vanleg torske-konsistens, i alle fall. Men ikkje verst på smak.
IV: Oh, det er noko som er litt spicy her i det minste.

Maten var for så vidt god, litt spicy, som fekk varma kroppen på ein tidleg haustdag, men ikkje imponerande. Vi sat alle med inntrykk av at dette var noko vi lett kunne laga sjølv. Og kanskje hakket betre.

Så var det tid for dessert.
MO: SKUFFA! Dette er jo berre ein slags varm sjokoladekake, det er ikkje fondant i det heile teke!
EV: Nei, men artig is til i det minste. Litt merkeleg konsistens. Det er ... kokosbolleaktig!

Damene hadde bestilt kaffe til desserten, og den kom etterkvart - rett før desserten var fortært.
SD: Oj! Dette var sterke saker ... er det kaffe på arabisk vis?
MO: Ha litt meir mjølk i, då?
SD: Ja, nå har jeg så mye melk i at den er kald, men den er fortsatt for sterk. Spørs om det blir noe søvn i natt!
Kaffen var så sterk at ikkje nokon klarte å drikke meir enn eit par slurkar.

MO: Men mett vart vi i det minste.

Karakter: NG
Lokalet er ok, beliggenheit ok. Servicen var altfor treig, det var vanskeleg å oppnå kontakt trass tomt lokale. Maten var berre ok, og det er vel ikkje tvil om prisen - 199 kroner for dagens 3-rettar - var det beste med staden. Heilt greit måltid til så rimeleg pris, men dette er ikkje ein stad vi kjem tilbake til med det første.

Heller ikkje denne gong var det tunge politiske tema på agendaen, men så er vel øyredobbar, kjolar, fråflytting og størrelse på senger viktige saker i den mindre samanheng?


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Votre réponse est a
Jenay 26.12.2016

Votre réponse est assez floue. En quoi la prémonition peut concerné le passé? Je ne comprends pas? Finalement ne pensez-vous pas que la question que nous devrions nous poser c’est: pourquoi avons-nous la prémonition de ceci plutôt que d&roqus;autre chose? La prémonition, la prophétie … est-elle déjà décidée en amont?

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no