Til vårt restaurantbesøk nr 50, i fusgurår nr 5, falt valet på Oro Bar og Grill. Dette er Oro Restaurants billegare veslebror, men skulle likevel vere flott nok til feiringa.
Med tilsaman 10 stk rundt bordet, var det nesten rekord i dei fusgurske krinsar. Forventningane var store, og smakslaukane vart drukna i vatn ved syn av menyen.
Servitøren var kjapt på plass, og vi fekk vatn og menyar medan vi venta på å bli fulltallige. Dei fleste valde å gå for 3 rettar, og på bordet vart det prøvd alt frå kongekrabbe til risotto prima vera.
MO: Litt skuffa over risottoen, men litt salt og pepar gjorde seg. Angrar bittert på at eg ikkje valde kongekrabbe, sjå den porsjonen Henning fekk! Normalt får ein jo berre ein liten firkant.
IV: Blåskjela var ok, men skuffa over at det er fleire som er tomme. Kanskje litt i overkant mykje koriander? Lindas porsjon med reker var stor, det såg utruleg godt ut!
Vi vart setande overraskande lenge mellom forrett og hovudrett. Trur vi tok tida til å nærme seg 45 minutt, faktisk. Det er greit med litt pause mellom rettane, men det får då vere vere grenser.
Hilde, Anne, Anja og SD brukte imidlertid ventetida godt: på å kose seg med ein Sancerre som servitøren hadde anbefalt varmt.
Anja: SD, du sa at dere ikke pleide å drikke vin på fusgur-middagene?
SD: Nei, vi pleier ikke det, men det er jo jubileum! Da må vi jo flotte oss litt.
Hilde: Dette var en utrolig god vin. Tror jeg må få servitøren til å skrive ned navnet til meg.
Navnet kom på ein lapp med smilemunn og sommerhelsing på baksida, og jentene fekk streng beskjed om å slutte å drikke Chablis.
Og til slutt kom maten på bordet.
SD: Bestilte du biff, EV? Var det ikke du som var lammejente?
EV: Jau, men i ei av anmeldingane stod det at ein måtte prøve noko frå grillen, og då vart det slik.
MO: Mmmmmmm... eg kan seie at denne lammegryta var veldig god!
EV: Ja, eg trur eg kanskje kan ha vald feil.. såg ut som det var ein del fløyte i omlaup der.
Fleire hadde bestilt fisk med dagens garnityr, som etter sigande skulle innehalde potetsalat.
SD: Litt usikker på hva den potetsaken her er, men tror neppe det er potetsalat...
EV: Var uren god, SD?
SD: Hva, heter det ur?? Det heter da vel uer?
EV: Kanskje i desse krinsar, men ikkje på Sunnmøre!
IV hadde vald Oro Spesial, grilla svinenakke av Iberico bellota gris, og fekk ein solid porsjon. Det fekk for så vidt dei fleste. Bra storleik på porsjonane!
Etter at maten var borte, var det på tide å tenkje på dessert. Henning valde sitronterte, noko som skulle syne seg å vere ein særs femi dessert ? men smaken var det ikkje noko å utsetje på. Fleire ønska panacotta, som var dagens dessert, men det var ikkje å oppdrive. Utan å ha oppdatert menyen eller sagt frå på førehand, var det kvit sjokolademousse som hadde teke over som dagens dessert.
MO: Denne sjokoladefondanten var heilt ok, ja... veldig bra! Litt usikker på pistasjekremen, men det får gå.
Den kvite sjokolademoussen hadde eit hint av sitron, og fell godt i smak hjå dei som hadde vald denne.
Karakter: M-
Det var solide porsjonar, prisane var overkomeleg. Servicen var litt treig, og eit stort minus for litt spydige kommentarar ved sein ankomst og då vi skulle splitte rekninga. Litt arrogante servitørar trekk ned, men pluss for gode vinforslag og service med å skrive ned vinnamnet på oppmoding. Lokala er koselege, og det vart fullt etterkvart.
Atter en gong var vi innom store emner, som musikk som høver til vasking ? der Håkon kunne vise fram ei glimrande støvtørkingsrørsle i diskoens ånd og gjorde dermed festarmøya Linda særs stolt ? fordeler og ulemper ved å arbeide, herbologi og vanlege skrivefeil.
Før eller seinare må vi dra tilbake og prøve storebroren, men først må vi opparbeide oss litt midlar på bok. Etter ei spørjerunde rundt bordet, kan vi vel konkludere med at det ligg på vippen mellom 4 og 5, men hellar nok meir mot 4. Ein må legge lista litt høgare ved slike stader, og dei klarar ikkje heilt å nå opp ? det var bra mat, men ikkje nokon wow-faktor.
Brukeranmeldelser
If only there were m
Vyolet 25.12.2016
If only there were more cleevr people like you!
Gratulerer med jubiléet
Kenneth 26.06.2010
testinnlegg
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024