Midt i januar fresar fusgur - nok ein gong fulltallig - ut på ekspedisjon. Målet er Kontrastè på Løkka, ein stad vi har gått forbi utallige gongar, men aldri våga oss inn på.
SD var som vanleg bittelitt forseinka, men snart var alle på plass. Diverre var nok ikkje originaliteten heilt på topp denne gongen, alle unntatt MO prøvde ein rett som heitte Svinegodt- svineribbe med kvitlauksris og grønt til. MO prøvde seg på ein biff med fløytegratinerte rotgrønsaker.
Det var heilt tomt i lokalet denne onsdagen, og servitøren var raskt på pletten med menyar og drikke.
IV: Dette er jo svineribbe..? Stod det ikkje spareribs på menyen..?
SD: Jo det gjorde det. Ble litt skuffa nå..
EV: Men godt var det likevel, sjølv om den tradisjonelle svineribba på julaftan nok overgår dette!
MO: Mmmm vel, eg kan absolutt anbefale dette i alle fall! Biffen er PERFEKT steikt, og røter i fløyte er faktisk mykje betre enn eg trudde. Hadde eg vore heime, hadde eg nok sleika skåla rein?
Karakter: M
Det var absolutt god mat, og lokalet er koseleg og med store vindauge ut mot Olaf Ryes plass midt på Løkka. Musikken var nok ikkje ein favoritt, men kunsten på veggane var i alle fall hakket betre enn på Barcelona. Vi hugsar med skrekk innvollar på utstilling der.. Servicen var upåklageleg, men dette kan jo ha noko å gjere med at servitøren hadde 6 personar tilsaman han skulle varte opp. Prisnivået er ikkje avskrekkande, og fleire av rettane på menyen freistar.
Som vanleg gjekk debatten rundt bordet, Nilsen Camping har invitert til bartøming første helg i februar, noko som freistar alle då vi veit det alltid er god stemning på Campen! Sidan sist har MO vore på ekspedisjon til Sverige med jobben, men klarte på ein god måte å blande business og pleasure. Etter litt tråkking i salatar visstnok. Men det er jo ikkje noko nytt. Ellers er det lite nytt på fronten, IV har vorte sambuar og stemor medan vi andre stort sett flyter åleine rundt i sfæren. Vi må jo også innrøme at litt prat om diverse krumspring frå Campingdirektøren også var innom bordet, og satsar vel på at neste fusgur vert i endå større grad prega av sladder og morosame salattråkkingar.
Brukeranmeldelser
Susriiprngly well-wr
Unity 25.12.2016
Susriiprngly well-written and informative for a free online article.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024