OBS! Dette har no blitt til Den Glade Gris og vi kan ikkje lenger stå for denne anmeldinga.
Ein frisk måndag i april, var turen komen til å atter vitje Jeromes, som PH (preHellstrøm) heitte Chocolat. Spaninga var til å ta og fåle på!
Servitøren var raskt på pletten, og alle glas var fylde med vatn før vi fekk satt oss ned.
MO: Kakene ser framleis like gode ut, og menyen ser bra nok ut til å få sikkelet fram i munnviken.
Sandra: Jag kan inte bestemma mig.. jo, jag tror det blir lam. Och scampi. Nei, fisk kanskje. Nei, lam. Nei, brokkolisuppe.
EV: Kan dåkke gisse kva eg skal ha?
MO: suppe og fisk?
EV: nei nei nei, eg er jo lammejenta! Er det lam på menyen, så tek eg det. Då vert det scampi til forrett.
IV: Eg køyrer lam, eg også. Og scampi.
MO: Det var såpass kort meny at det går jo an å bestemme seg, bortsett frå at eg har like lyst på alt dette..
Menyen bestod då altså av 2 forrettar og 2 hovudrettar, og fritt val av dessertkake. Pris for kalaset kom på 195 per hovud, slett ikkje ille pris. Maten kom ut etter høvelig tid, og alle fekk på same tid.
MO: Mmm den suppa her var god! Det anar meg at dei ikkje har kokt den på lettmjølk..
EV: Det var jo gode scampi, men det verka så mykje mindre enn den suppa.
Akkurat passe tid etter at forretten var fortørt, dukka hovudretten opp.
SD: Du fikk jo et veldig mye mindre stykke kjøtt enn oss andre, IV?
IV: Ja, påfallande mindre. Det var godt, men kunne gjerne vore litt meir på tallerknen.
Leif: Det var helt ok, ikke noe wow. Helt grei mat.
MO: Denne fisken var veldig god! Potetkrem med litt chorizo i verka overraskande bra til fisken. Eg er godt nøgd. Vi kan gå tilbake i morgon og prøve motsett meny!
Konsulent Sol sat berre å humma seg gjennom måltidet, noko som er eit klart teikn på at ho er fornøgd med maten.
Karakter: M-
Heilt klart eit skritt opp sidan forrige besøk, det er bra å sjå at einskilde restaurantar held koken etter besøk frå Hellstraum (sniknynorskifisering). God mat, og veldig gode kaker til ein særs god pris gjer at dette er ein av stadane vi gjerne går på privaten også. 195,- for ein slik trerettars skal det ein del til for å slå i sentrum av Tigerstaden. Servicen var gjennomsnittleg, slett ikkje ille.
Brukeranmeldelser
They struck in Kadun
Geralynn 26.12.2016
They struck in Kaduna again yeyserdat. This time it was the Army's 1st Mechanized Division and the Airforce base that was struck by their suicide bombers. One died and we believe the other bomber may have been caught. News still breaking.
Kake
EV 27.06.2010
Berre dei herlege kakene er grunn til å besøke Jeromes :-)
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024