Fusgur logo

Nighthawk Diner (NEDLAGT)

Mars 2010

Nighthawk Diner

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: 50-talls diner
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
 
Brukeranmeldelser:
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein hustrig måndag i mars, tok fusgur turen til nyopna Nighthawk Diner på Løkka ? Jan Vardøens nyaste restaurant som i følge han sjølv er hans siste prosjekt. Måndagar er som regel ganske folketomme, men på Nighthawk Diner var det fullt ved om lag kvart eit bord ? lovande!

MO: Oh, dette var nice. Veldig gjennomført, dei har ikkje berre pussa opp gamle Rehmans ? her er alt skifta ut og shina opp. Imponerande!
IV: Aaaa sjå dei pannekakene? eg fekk lyst på pannekaker? Dei har visst ein begrensa meny inntil vidare, men eg ser at det kan vere potensiale for fleire besøk om vi er nøgde. Tenk å sitje her og ete frukost, amerikanske pannekaker!
MO: Ok, eg har allereie problemar med å bestemme meg. Det er minst 4 ting her som eg lett kan bestille.
EV: Dei har verkeleg lagt omtanke i detaljane. Litt høg musikk, kanskje ? men, det er bra musikk.
Sandra: Vilka snygga uniformer! Det var nice. Tenk å gå så där på jobb.

Servitøren var raskt på pletten med vatn, medan vi venta på SDs ankomst. EV valde å prøve seg på tuna melt, MO og SD satsa på club sandwich, Sandra gjekk for hot sausage og IV landa på cæsar salat. Det tok si tid før maten kom på bordet, men slett ikkje lengre enn at vi takla det. MO sat og sikla ned i menyen etter kvart som dei andre rundt oss fekk maten sin, og pannekaker og laukringar sigla forbi oss.

IV: Det var ein vaksen porsjon med cæsarsalat, det er jo eit heilt kyllingbryst her også. Veldig godt.
MO: Eg er nøgd. Einaste er at eg kanskje skulle hatt fries i stadan for greske poteter, men det var ein god sandwich ? god majones.
SD mumla mellom slaga at det var godt, så ho var nok også nøgd.

Alle fekk smake på den heite pølsa som Sandra bestilte, og vi kan absolutt seie at den var hot, men definitivt god.
EV: Eg trur kanskje dette er tunfisk frå boks.. det var litt smæsja. Litt skuff, sjølv om det var godt.
SD: Ja, det ser nok kanskje sånn ut.
Til dessert vart det sjokolademilkshake på EV og Sandra, medan SD og MO delte ein fudge brownie med vaniljeis. Diverre hadde dei ikkje enno fått sjokolade med chili-milkshake, som Sandra helst ville ha. Det kan uansett trygt seiast at brownien stod i stil med resten, og milkshaken var definitivt av dei betre.

Karakter: M
Det er gjennomført frå topp til tå, lokalet er stappfullt av detaljar ? uniformane er retro, musikken er riktig, maten er herleg usunn. Litt fråtrekk for treig service, spesielt då vi ønska å betale, samt at dei snakka engelsk som hovudspråk. Når ein vil betale, er det verkeleg unødig å måtte vente i meir enn nokre minutt, men vi talde om lag 15 min før det vart orden i sysakene. Det skal seiast at servitørane sprang heile tida, med fullt hus og mykje jobb kan vi sjå mellom fingrane med dårleg service. Dei var uansett hyggjelege, og ordna det dei skulle ? vi håpar det betrar seg etter kvart. Gler oss til full meny er på plass!


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
All I can say is Ame
Joyelle 25.12.2016

All I can say is Amen. Not that I like the journey at times but knowing I can trust that nothing happens that isn't for my good and that doe9#&n3s;t pass through His hands first helps.
4.004.004.004.004.00
Framragande frukost
MO 04.08.2010

Må tilstå at Nighthawk ved fleire høve har blitt nytta til å innta ein skikkeleg sundagsfrukost av RANG. Både breakfast brunch, som tilbyr alt som er av snacks ein slitsam sundag, og spinatomelett må berre få topp score. Pluss for at ein kan få ei amerikansk pannekake på slutten av måltidet for ein liten penge - to-rettars frukost er toppers!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no