Ein klar og kjøleg onsdag midt i julestria var det klart for fusgurs siste samling før årets slutt. Venar var inviterte, og tilsaman vart det samla sju svoltne individ rundt bordet på Will?s.
MO: Det var i alle fall varmt og godt her!
Servitøren var oppmerksam og kom raskt til staden med menyar etterkvart som folk kom på plass.
EV: Skal vi køyre forrett og hovudrett, eller hovudrett og dessert?
IV: Kanskje vi skal køyre heile rekka med forrett, hovudrett OG dessert?
MO: Åååå det har eg ikkje plass til trur eg.. eg køyrer rett på hovudrett og tek dessert om det er plass!
Medan vi venta, fekk vi brød med ein slags olivenpasta til som falt i god smak hjå alle utanom MO som er merkeleg og ikkje klarar oliven av noko slag.
Menyen bestod av mange ulike kjøt- og fiskerettar. Alle rundt bordet bestilte faktisk ulike rettar, så både reinsdyr, okse, svin, kveite og steinbit var representert.
IV: Eg bestilte tapastallerken, og sjå kva eg fekk? Spekepølser, ein haug kapers og ekkel pesto? Bra eg bestilte pommes frites til då i det minste, det her var ikkje noko godt. Og eg som var så svolten!
MO: Den steinbiten her smakte veldig godt! Litt lite saus og mest smør i den smørsausen som er til, men veldig godt!
Gjest Signe ville bestille okse med peparsaus og fekk straks beskjed om at den sausen var veldig sterk.
Signe: Jeg bruker alltid å synes det er for lite peppersmak i peppersausene man får servert rundt omkring, så dette passet meg utmerket. Og jeg fikk en ekstra skål med saus med en gang jeg ba om det! Mye god smak.
SD hadde eit fårete glis, og då MO spurde om det var godt sank ho berre saman med eit udelt lukkeleg utrykk i andletet.
SD: Dette er det beste fusgur-måltidet jeg har smakt hittil! Tror til og med det var bedre enn Jez i Kroatia, reinsdyret tar luven fra alt!
MO: Hugs, det er stakkars vesle Rudolf som ligg i magen din no.. hehe
EV: Kan eg kanskje få litt tytebær hjå deg SD? Eg følte at det mangla noko til svinekjøtet mitt, men det var for all del mørt og godt.
Det var ikkje så mykje som freista på dessertmenyen, så valet fall på Petit Fours til nesten alle saman. I dag var det ein liten bit konfektkake med blåbær, jordbær og rips til. Akkurat passe storleik etter ein skikkeleg middag. MO var grådig som alltid og tok over desserten til IV då ho ikkje likar slik konfektkake.
Samla karakter: M
Mykje godt på menyen, nesten alle saman var strålande fornøgd. Unntaket er tapastallerken som mangla spesifisering. At det er 3 ulike typar kjøt betyr ikkje nødvendigvis at det er 3 ulike spekepølser. Hyggjeleg servitrise som svinsa rundt oss utan problem, fylte på litt vatn når ho såg det trongs sjølv om lokalet vart rimeleg fullt etterkvart. Minus for å skrive crême brulée som ?crème brûllè?. Ikkje bra! Og kvifor ein vil fylle denne gode, klassiske desserten med appelsinskall og appelsinkjøt er forbi vår forstand.
No i juletider var det vel naturleg at einskilde viktige juleting stod på debattplakaten. Etter å ha lese Juleforskriften, vart det oppstandelse av dimensjonar. Det står nemleg i lovverket at ein på julegrauten først skal ha i smør, så kanel og så sukker til slutt. Det her finn vi uhaldbart! Det er vel allmenn kunnskap at ein først må ha sukker, SÅ kanel og til slutt smørauge? Ein kan jo ikkje ha sukker og kanel som dekkjer over smøret? Det er strid innad i gruppa nett på dette punktet. Alle er i det minste samde i at ein aldri kan byrje å ete frå midten og ut, men alltid må ete seg inn frå ytterkantane og innover. Det er jo berre sunn fornuft, teke i betraktning ekstrem varme i midtre delar av grauten.
I tillegg kom det eindel grums og spire til uvenskap til overflata då halve gruppa syner seg å ville smørje pålegg på den sida av knekkebrødet som har mest hol, medan andre sjølvsagt vil velge å smørje på den flataste sida for å unngå klumping og opphoping av smør og liknande.
Sidan bordet bestod av 7 deltakarar, pågjekk det ulike debattar overalt og vi har diverre ikkje høve til å referere alle debattane her. Det gjekk på telefonsal og alt som omhandlar denne aukande plaga, Stordalen som har sjekka opp MOs 17-årige blonde kollega (fysja!!) og referat frå ulike julebord og problemstillingar i henhald til desse. SD har blant anna fått i oppgåve å finne ut korleis ein bøyer verbet ?drite? på bokmål, så her ser vi kva nivå debattane låg på utover kvelden.
Brukeranmeldelser
Check that off the l
River 26.12.2016
Check that off the list of things I was couefsnd about.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024