Fusgur logo

Shalimar Tandoori

Februar 2010

Shalimar

Beliggenhet:   Carl Berner
Kategori:
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein kald og hustrig måndag i februar bega eit noko redusert fusgur-team seg til Carl Berner, eit hittil uutforska område i fusgur-samanheng, for å teste ut pakistanske Shalimar.

MO: Det ligg jo i det minste rett ved eit trikkestopp, det er absolutt eit pluss.
Servitøren møtte oss i døra så snart vi kom inn, og sette oss på eit bra bord. Ikkje at det var trengsel i lokalet, det syntes som om det var fleire ta-med-kundar enn sitte-ned-kundar på kalde måndagar.

Menyen var særs omfattande, så smakslaukane bada i vatn frå første stund. Vatn kom på bordet ganske så umiddelbart. Servitøren var hjelpsam, og forklarte at medium styrke stort sett var nok for sarte nordmenn ? noko som seinare skulle syne seg å vere heilt korrekt.

MO: Eg vil i alle fall ha forrett! Samosa er jo godt, eg satsar på den. Elles er det minst 5 hovudrettar som lokkar..
Sandra: Jag tror jag vill ha kikerterna till förrett, det såg spennande ut.
EV: Eg satsar nok heller på dessert, det freista ikkje veldig med forrett i dag.

Maten kom på bordet ganske kjapt, og vi fekk bestilt nanbrød med kvitlauk (sjølsagt) og raita ved sidan av.
MO: NAM! Dette var snadder!
Sandra fekk ein vaksen porsjon, og delte villeg ut smaksprøvar til både EV og MO.
Så kom hovudrettane på bordet. EV hadde satsa på ein mixed variant med både fisk og kjøt, MO var i det eventyrlege hjørnet og satsa friskt på pakistansk spesialitet med lam, kylling, lammepølse av noko slag med tandoorisaus ved sidan av.

EV: Oh, du får sånn mat med lyd! Det er alltid så kult, ser fantastisk ut.
Maten til MO kom altså inn på ei varm steinplate, fresande og varm. Veldig bra.
For Sandra fall valet på klassiske lam tikka masala. Alle smakte litt på alt, og det var meir enn nok mat til alle ? faktisk var det vel ingen som heilt klarte å ete opp..
Servitøren tilbaud seg også å pakke med dei gjenverande nan-brøda for å kunne ta med heim, men vi avslo høfleg. Absolutt positivt å få tilbodet!

Desserten til EV vart redusert til ein mango lassi, noko som freista Sandra også. Vart visstnok ein suksess, passe søtt og syrleg.

Karakter: M
Det var veldig god service frå begynnelse til slutt, og porsjonane var store og særs smakfulle. Ikkje at nokon av oss er heilt stø i skilnaden på pakistansk og indisk mat, men godt var det. Lokala var sånn passe glorete, men heller på ein smakfull måte ? om det er mogleg å seie. Fasilitetane var heilt klart overraskande flotte, MO kjende seg mest som ei prinsesse då ho måtte innom på det obligatoriske besøket.
Det er absolutt verdt å ta turen til Shalimar, med gode og store porsjonar og god service. Men husk- medium kan vere sterkt nok, sjølv om dei har 3 styrkegrader som er sterkare.. tør ikkje tenkje på kva vindaloo-styrken kan gjere med kroppane til dei tidlegare nemnde sarte nordmenn.

Rundt bordet dreide debatten seg i stor grad om dei siste tids hendingar på diverse sjukdomsfrontar, samt Sandras forræderi med å likevel flytte attende til Sverige om kun kort tid. Resten av fusgur er ikkje samde i avgjersla, men innser at vi ikkje har så stor myndigheit som ønska på dette området. Hadde ho vore her lengre, ville ho blitt vurdert å tatt opp som fullverdig medlem i fusgur, men med slik oppførsel utgår det heilt klart. Det var jo sjølsagt ikkje gunstig at 2 medlemar frå den harde kjerne vart forhindra i å kome, men vi vonar på betre oppmøte til neste kulinariske oppleving.







Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
” Dammit, what
Lesa 26.12.2016

” Dammit, whatâ??s the point of being Terran Overlord if your wife still nags and complains?”Indeed, sir, indeed. And I really, really do not like chickenhawks. Not much I’d like better in this world than to frog-march these mofos straight to the effin’ front. No doubt many soldier-ghosts would be looking on approvingly from the He.faeterr  OFD

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no