Fusgur logo

Sosialen

Januar 2010

Sosialen

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori:
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse

Ein bitande kald tysdag i januar fann fusgur vegen til Sosialen, sentralt plassert i Møllergata. Forventningane var store til staden, menyen var allereie nøye studert på nett og vi stilte med svoltne magar dette første møtet i 2010.

MO: Var jo ganske greit og koseleg lokale?
Servitøren var på plass 10 sek etter at sistemann kom inn døra, så vi måtte sende ho vekk så vi fekk bestemt oss. Menyen stemte ikkje overeins med den på nett, men den var meir utfyllande så det vart tilgjeve.

EV: Oh, dei har lam. Då er den saken grei. Lam blir det.
SD: Jeg er kjedelig, og tar dagens hundrings. Noen må jo ta ansvar å teste ut tilbudet, selv om det er en kylling- og pastasalat.
MO: Eg har lyst på torsk, men pestobakt kan slå feil.. Kanskje lam? Eller kylling? Eller kalv? Nei, det blir lam. Nei, torsk. Neiiii?. Det blir lam
Sandra: Jag tar kycklingen med risotto prima vera.
IV: Det ser ut til at det blir mørbrad av kalv til meg.
Servitøren kom svinsande med ny flaske vatn, og klaska den i bordet med eit brak.
MO: Dei er vel ikkje fornærma av di vi drikk vatn, og ikkje vin??

Det gjekk berre 25 min før vi fekk maten, nen tallerknane var ikkje akkurat overfylde.
EV: Korleis skal vi angripe denne lammeskanken her?
MO: Det var IKKJE enkelt, men eg skjer av alt kjøt eg kan.. resten får eg bruke kyllinglårmetoden på.
IV: Kor er potetene? Er det denne tynne flisa her?? Det var utruleg lite mat her, det er vel ikkje meininga at ein etter eit dyrt måltid her skal vere så svolten at ein må innom Burger King?
Under kalven, låg det den tynnaste og minste røstipoteten nokon hadde sett. IV bad om ekstra potet, og det skulle dei fikse.

Sandra: Risottoen var inte god.. testa gjerne.
MO: Eg trur ikkje den er dårleg, men den var ikkje god på smak, nei.
EV: Lammet var ikkje heilt bra, det var veldig lite smak? Potetmosen var god, då.
MO: Heilt klart fløyte og smør i den mosen, men ellers var det litt smaklaust ja.
SD: Ironisk nok er jeg, som bestilte den kjipeste maten, mest fornøyd.
MO: Eg har i alle fall ikkje tenkt å kaste bort ei krone på å kjøpe dessert her.


Karakter: NG
Lokalet er fresht nok, veldig koseleg. Men, prisnivået er ganske høgt for såpass lite og dårleg mat som vi opplevde det. 180 kr for lammeskank utan krydder, særs lite kjøt og særs lite tilbehør ? det er slett ikkje bra. Servicen var vel heller ikkje den beste, den ekstra poteta som IV fekk, dukka opp etter at alle andre var ferdig med maten sin så det vart mest som dessert. Vi ga ikkje ei krone i tips, og fekk ikkje så mykje som eit ?ha det bra? på veg ut, men det såg ut som dei ville sparke oss i ræva og smelle døra i trynet på oss.. Tips i Norge skal vere fortent, rolex kopi klokker føler vi. Korkje maten eller dei ansatte gjorde oss nøgde, maten var grei men langt frå bra nok. Vi fekk rett og slett ikkje det vi betalte for. Skuff!


Vi drøfta litt maten og Sosialen generelt, sjølv om nokon kunne tenkje seg attende for å teste ut det store øl- og whiskyutvalet, var andre igjen særs lite gira på å gi staden ein sjanse til. Ein eller to tankar vart også sendt til varmare strøk, der konsulent Solveig for tida oppheld seg og dermed blir borte frå dei fusgurske kretsar i eit års tid. Litt misunning vart registrert rundt bordet, og vi skal setje i gong leitinga etter gunstige flyprisar for å vitje ho snarast mogleg.Turen gjekk raskt vidare i kulden, heim til vaniljeis med heimelaga sjokoladesaus og banan ? ein klassikar som alltid gjer lukke, uansett kor kaldt det er utanfor.

Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I'd heard about
Tracy 26.12.2016

I'd heard about that outbreak on the news. I'll pick up my greens at our local farmers markets and wash them thglouohry. It pays to be careful. Lovely spinach recipe. I'd never have thought to cook them in a red wine sauce.
0.000.000.000.000.00

26.06.2010


Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no