Fusgur logo

Zorbas (NEDLAGT)

Desember 2009
Zorbas (nedlagt)

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Gresk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Dette siste møtet for fusgur i 2009, fann stad på Zorbas i Torggata i Oslo, ein gresk restaurant vi lenge hadde hatt lyst til å prøve oss på. Heile 9 stk møtte opp, så det var duka for interessante debattar og matsmaking denne onsdagen i ein grå desember.

IV: Syntes den heimesida deira ikkje akkurat var veldig bra, staden ser betre ut enn den gjorde på nett.
MO: Ja, dei kunne nok heilt klart fått ei meir flatterande heimeside. Var jo litt kult her!

Kelnaren var på plass relativt kjapt, og surra rundt oss medan vi venta på resten av gjengen. Det skal seiast at norskkunnskapane var noko dårlege, men vi fekk meddela det vi ville på engelsk så alt ordna seg.

Solveig: Var ikkje det veldig kaldt her inne? Eg frys mest kroppsdelar av meg her eg sit.
IV: ikkje mykje sydenvarme, nei.

Vi ba dei skru av airconditionen som surra og gjekk rett over hovuda våre, men dei påstod den allereie var stengd så vi fekk fortsette å fryse.
Då alle var på plass, unnteke Regina som var noko forseinka, kom det varmt brød på bordet, akkompagnert av kvitlaukssmør, oliven og fetaost.

Bente: AAAAAAAAAAAAAAAAA Dette er alt jeg trenger. Jeg er happy.
Bjørg: Jeg er så sulten, må ta det litt med ro ellers spiser jeg meg mett på bare brødet?

Fleire våga seg på forrettar som fritert gresk ost, ost pakka inn på vårrullvis og scampi på spyd. EV satsa på vinbladrullar, og alle var nøgde med forrettane som kom på bordet.
Regina kom fykande inn døra i tide til å bestille hovudrett, og vi fekk etterkvart dampande rettar som kleftiko, keftedes, lammekotelettar samt vegetarrettar servert.

Bjørg: Dette er vel til å dele??
MO og Bjørg hadde nemleg båe kjøpt kleftiko, ein gresk lammegryte, og det kom ei stor skål med mat.
Det var IKKJE til å delast. Rett etterpå kom det nemleg ei svær skål til, og det kan seiast at vi ikkje klarte å ete opp alt vi fekk servert?
MO: Dette var godt! Mørt lammekjøt, gode poteter og salat.

Alle fekk rikeleg med mat servert, og praten gjekk livleg rundt bordet om både mat og foreståande juleferie.

Karakter: M-
Lokalet er heilt ok, trekk for kaldt lokale denne dagen. Det var faktisk såpass kaldt at vi hoppa over desserten (også ei følge av svære porsjonar) og gjekk vidare. Ok service, god mat og rause porsjonar ? nett som i Hellas. Vi skulle jo heller vore der i helgane, då har dei visstnok show og tallerkenknusing på gong, så vi må kanskje tilbake. Prisane er noko stive, men ikkje meir enn vi er vane med.

Det kom opp viktig info om at NKOTB visstnok skal arrangere eit cruise i Karibia, og det er fleire i fusgur som gjerne kunne tenkt seg ein tur ? uansett kor tvilsamt dette kan sjå ut som. Andre igjen planlegg tur til Budapest, nokon flyttar til Spania, nokon til Sverige medan andre skal meditere seg rundt i Austen i eit års tid? alt i alt er det stor turbulens i dei fusgurske kretsar om dagen, men vi vonar alle får ei stille og fredeleg jul, og at det framleis er folk att i landet til neste år for å fusgurere vidare. Vi sjåast til neste år!!





Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
youtube is not for f
Bono 26.12.2016

youtube is not for free expression, they are corporate fucks. They ban people for almost no reason, they ban people who critizize them. Youtube is anti free speech when it's not in their favor. You are evil shit heads. You are not freedom, you are ANTI FREEDOM OF SPEECH. You sold us out and now you are lieing acting like you hae#;&v39nt. You have no integrity on this subject, you have compressed it. Fuck you.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no