Med vind i segla, satte fusgur denne torsdagen seg fore å besøke det nyaste tilskotet på Løkka ? sjømatrestauranten Babord.
MO: God plassering! Kanskje dei tek sikte på å ta over kundane som ikkje får plass på Delicatessen?
Menyen bestod av to delar, dei minste rettane som vart kalla agn, og dei litt større som heitte fangst. Servitøren forklarte at dette var mest som tapas å rekne, så vi valde alle saman ein combomeny ? 2 agn og ein fangst til 210 kr.
EV: Greitt å få prøvd litt ymse, sjømat er jo ofte dyrt!
Sandra: Åh, det så gott ut! Men, vad är haneskjell?
MO: Eg anar ikkje.. vi får spørje!
Solveig: Torsk med oksehaleragu?? Kva er det?
MO: Det er nok berre kraft frå oksehale, er jo ikkje oppkutta haler du får servert..
Det var alt i alt mykje på menyen vi ikkje hadde heilt peiling på, men servitøren var på plass og forklarte (sjølvsagt på svensk) kva det var snakk om.
Bestillingane endte på mykje spanande av agn. Carpaccio av kval med mascarponekrem og kastanjer, crostini med løyrom, chevice av torsk, haneskjel i kvitlauk, gravlaks, minirekecocktail og sild av ymse slag. MO var bortpå å smake dei fleste rettar, som vanleg, og fann ut at ho blant anna likar haneskjel. Etter berre 10 min ventetid, kom alt på bordet. Lovande!
MO: Ach,dette var godt! Det var mykje bra agn her, så spanande!
SD: Det var godt, torsk ?svisj? var veldig bra.
EV: Kva er det som ligg under gravlaksen? Klarar ikkje heilt å definere det.. føler meg litt grådig når eg slenger inn på ei heil sånn skei med laks. Desse skålane var veldig fiffig, kunne faktisk brukast til katteskåler.
MO: Eg noterer! Ja, det var mange kule skåler her. Sikker t ugunstig i oppvaskmaskina, men veldig fancy.
Det tok nok litt lengre tid med å få fangsten på bordet, SD byrja bli noko utålmodig ? vi venta faktisk 45 min! Men, dei kom på bordet til slutt, og der hadde Solveig og MO våga seg på torsk med linser og oksehaleragu, SD satsa friskt på kamchatkakrabbesalat, Sandra på hummersuppe og EV på pinnekjøt ? einaste kjøt å oppdrive på menyen.
SD: Hm, krabben var varm. Dette var godt.
Sandra: Hummersoppan var nog lite for salt på smag för mig, men den var god. Den ska vel va sånn?
MO: Torsken var absolutt god!
SD: Hvordan var pinnekjøttet?
EV: Seigt? Jula er ikkje øydelagd, for å seie det sånn. Trur ikkje eg skal bestille kjøt på sjømatrestaurant fleire gongar?
Karakter: M
Veldig ok lokale og beliggenheit, og positivt overraska over konseptet med sjømat som smårettar. Veldig god mat, einskilde meinte at agna var betre enn fangstane, og det kan vel vere at agna var litt meir oppfinnsame og meir smakfulle. Kjøt bør ein unngå på denne restauranten, men sjømat kan dei! Diverre var det for lang ventetid på fangsten. Det hadde vore betre å drøye agna 10-15 minutt, slik at det ikkje vart så utruleg lang ventetid på neste rett. Det øydela heilt klart litt av opplevinga. Å betale synte seg heller ikkje å vere enkelt, så vi måtte faktisk trå til og gå til disken på eige initiativ.
Alt i alt var maten veldig bra, men det er som vi spør oss om dei har teke over dei ansatte på tidlegare Dyre Vaa som haldt til i same lokale, det var nemleg like treigt på den tida.
Debatten rundt bordet var heftig og politisk, som vanleg. Svineinfluensa har råka einskilde medlemar hardt, medan andre har gått fri enn så lenge. Gjengen går jo frå kvarandre på nyåret, med Solveig som flyttar til Spania, Sandra som har funne kjærleiken og reiser tilbake til nabolandet og EV som stundom lever i eksil i kåken sin på Kypros. Det betyr jo berre rett og slett at fusgur må bli internasjonal, og reise rundt for å fusgurere der det høver best. Vi gler oss!
Brukeranmeldelser
A really good answer
Agatha 26.12.2016
A really good answer, full of ratitnalioy!
Brabord
:-) 01.09.2010
Etter et svært vellykka besøk i mai, var det tid for et gjensyn - denne gang i form av en date med en av Fusgurs indre kjerne!
Hel fangst til begge, noe vi ikke angret på. Maten smaker fortsatt fantastisk, ser flott ut og har gode og morsomme smakskombinasjoner. De kan virkelig sin sjømat! Forrige gang var porsjonene små, men dette hadde bedret seg noe siden sist. Eneste minuset denne gang var derfor at flere av vinsortene var utsolgt - men la oss ta det som et gledelig tegn på at stedet går godt og vil leve lenge...Prisene er langt fra avskrekkende, kvaliteten tatt i betraktning. Personlig liker jeg at et restaurantbesøk tar tid, så kan jeg kose meg med god vin og godt selskap mellom rettene - og har derfor ikke noe å utsette på ventetiden.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024