Fusgur logo

Oliva Restaurant (NEDLAGT)

Oktober 2009
Oliva Restaurant (nedlagt)

Beliggenhet:   Øvre Løkka
Kategori:
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 5.005.005.005.005.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
DHK hadde denne gong fått med seg heile 4 konsulentar, og vi traska av garde for å prøve ut eit av dei nyaste tilskota på Løkka, nemleg Oliva Restaurant rett ved Ringen Kino.

SD: Jeg har ikke bestilt bord, men det ser ut som det går greit.

Menyar kom på bordet, smekkfulle av tilsynelatande freistande mat av ulike typar. Høgdepunktet var vel tilbodet frå ?Kul grill?..

MO: Kanskje det er eit ordspel?? Det kan vel ikkje vere ein reell ordfeil?
EV: Eh, eg trur kanskje det kan vere det, faktisk?
SD: Ja, sjekk resten av menyen ? det er noen festlige skrivefeil overalt, så vidt jeg kan se.

Vi fekk bestilt mat og drikke, og det var ikkje veldig lang ventetid sjølv om servitørane heilt klart var veldig stressa. Det var berre 2 på jobb, og det var tilnærma fullt lokale så dei hadde nok å gjere.

MO og IV var på hugget, og bestilte tortillachips med 3 ulike dipar til forrett.
MO: Ok, den guacamolen her var rett og slett GRUSOM! Det er faktisk hakket verre enn den guffa du får på boks. Men, salsaen var heilt ok og kvitlauksdippen var absolutt bra.
IV: Ja, det går ned utan problem.

Solveig og Sandra var i overlag svoltne, og satsa på ein tex mex tallerken som inkluderte enchilada, tortilla, salat og haugevis av ost, medan resten av gjengen satsa på ting som kyllingburger med avokado, mixed grill, kyllinggrillspyd etc.

MO: Å nei, det er guacamole på burgeren min også.. Kylling avokado er altså ein slags sandwich med kyllingfilet og hauger av grusom guacamole. Men, bortsett frå guacamolen er det jo heilt ok. Skal ikke klage, ikkje til desse prisane!
EV: Solid porsjon, men kyllingtriten på Noahs er SÅÅ mykje betre enn denne tamme kyllinggreia her.
SD: Det er ikke så sikkert. Noahs har tapt seg flere hakk i det siste. Tror de har en del gjennomtrekk på personalfronten.
Leif: Og hvorfor har de hatt mynte i tatzikien?

Sandra og Solveig okka og stønna over utruleg mykje mat, og eit ostelokk som nok nærma seg kilovekten.. Dei klarte om lag halve, så i teorien kunne dei faktisk delt ein slik rett. Perfekt om ein har med seg mannebein som krev mykje mat!

Karakter: G
Dette er ein heilt ok stad med rimelege prisar, uten at det er snakk om kulinariske opplevingar av noko slag så er det slett ikkje vond mat ein får servert ? bortsett frå guacamolen. Den var eit klart minus. Litt treig service, tallerknane stod på bordet i lengre tid etter at vi var ferdige, og vi fekk aldri spørsmål om vi ville ha dessert eller kaffe.

Debatten rundt bordet gjekk i stor grad ut på mat og elendig guacamole, samt foreståande flytting til Spania for enkelte konsulentar og brullaup for andre. Gledelege nyhende på fleire kantar!! I tillegg var det sjølvsagt viktig å få diskutert den foreståande feiringa av Halloween, med planlegging og info om kostymer av ymse slag. Diverre er det slik at når gruppa blir litt større, så misser ein viktig info frå dei som set lengst unna ? men eg reknar med verdsproblem vart løyste, som vanleg.



Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Woot, I will cerltin
Kalyn 25.12.2016

Woot, I will cerltinay put this to good use!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no