Grunna stort fråfall i den harde kjerne, valde EV og MO å teste ut lokale snøggmatstader, og i eit vilt sosiologisk/kulinarisk eksperiment havna vi på Tøyen Grill.
EV: Eg trur eg er klar for pizza. Kva seier du?
MO: Mja, eg er noko skeptisk til pizza på sånne kebabstader.. har til gode å bli positivt overraska, eg trur nok eg heller går for ein burger, kanskje?
EV gjekk for ein pizza mexicana, medan MO satsa friskt på ein hawaiburgermeny med ost.
Ventetida på heile 10 min gjekk med til labbing rundt på Tøyen Senter, for å sjå om det fanst andre ting å bruke pengane på. Det vart lite pengebruk..
Vi fekk henta maten, og sette oss godt til rette i Casa EV for eit betre måltid av det noko usunne slaget, men sidan dette er sjeldan kost for fusgurar generelt, vart ev. dårleg samvit droppa for høvet.
MO: Ehhh dei har verkeleg vore generøse med grillkrydderet på pommes fritesen, litt i overkant kanskje? Burgeren var heilt ok, men usannsynleg mykje dressing til. Hadde også vore ein fordel med ananasbitar framfor ring, dette er ikkje ein burger ein kan ete utan særs høg sjanse for å rote kraftig.
EV: Er dette ein pizza mexicana? Kva slags pølse er det dei har hatt på her? Den er jo heilt udefinerbar, men neppe meksikansk. Kan det vere hundepølse? Og den kjøttdeiga smaker kebabkjøt. Nei, dette var stor skuff. Det blir nok ikkje meir pizza derifrå..
Karakter: NG-
Lokalet er heilt ok for å vere snøggmatsjappe, men innbyr ikkje til eting i sjølve lokalet. Pommes fritesen druknar i grillkrydder, og dressingen flyt utover. Pizzaen var hakket verre enn heimesteika Grændis, noko som seier det meste. Dette freistar diverre ikkje til gjenbesøk.
Selskapet var heilt klart av mykje betre kvalitet enn maten, og vi vart begge oppdatert på hendingar i fortid, notid og framtid. Skravla gjekk i det vide og det breie, og vi kan vel båe vere nøgd med at det vart ein hyggjeleg fredags ettermiddag trass litt motgong på matfronten.
Brukeranmeldelser
Im impressed by you
Carlinda 25.12.2016
Im impressed by your writing. Are you a professional or just very knbadelgewole?
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024