Fusgur logo

Tjuvholmen Sjømatmagasin

Mai 2009
Tjuvholmen Sjømatmagasin

Beliggenhet:   Tjuvholmen
Kategori: Sjømat
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Fusgur skulle flotte seg, og traska i veg ein vindfull onsdag for å sjekke ut Tjuvholmens nye tilskot - Tjuvholmen Sjømatmagasin.

Det var slett ikkje enkelt å finne fram, det er framleis byggjeplass der nede, og SD gjekk rundt bygget og forbi MO vart sendt ut på ekspedisjon for å hanke ho inn der ho gjekk rundt seg sjølv i blesten. Døra small kraftig igjen kvar gong nokon kom inn, men vi reknar med det er ein nybegynnarfeil som vert ordna snarast.

Vi hadde reservert bord i Seafood bar, noko rimelegare enn brasseriet. Vi såg ikkje mykje skilnad denne dagen, men det kan vere avdi det slett ikkje var fullt. Servitøren plasserte oss uansett i brasseriet, og på nabobordet var faktisk sjølvaste Arne Brimi på vitjing! Det teikna godt for dagens kulinariske oppleving.

IV: Oh, eg skal i alle fall ha sild! Eg likar sild. Det såg godt ut!
MO: Eg klarar ikkje sild i så store mengder, så eg trur eg held meg til ein hovudrett og dessert.
SD: Jeg må også ha en forrett, tror jeg..
Sandra satsa på same forrett som SD, skalldyrlasagne.

Det endte med at IV fekk ein svær tallerken med sild i haugevis, medan MO fekk hovudretten sin samstundes (etter ønske) og alle var hittil nøgde.

MO: Hmm, det var jo godt men litt for lite. Og altfor mykje oliven.. Eg likar jo klippfisk, dette var jo ein ny variant av den klassiske bacalao.
Sandra: Oh, det var jo litt av en hög med oliven i den!
Så var det tid for hovudrett, og Sandra og IV prøvde seg på heimelaga pasta med skjell og blekksprut medan SD satsa på dagens fangst, som var kveite.
IV: Det er jo svart????
Sandra: Det er nok fordi det ska va blekkfisk, blekket er jo sort..
IV: Eg klarar ikkje ete svart mat..
SD: mmmmm dette var NYDELIG!
MO smakte på kveita, og måtte seie seg samd.

Til alt overmål, var det eit laaaangt hår i pastaen til IV. Då vi gjorde hovmester merksam på det, tok han den berre ut og sa dei kunne lage den på nytt. IV stod over. Ikkje så mykje som ein beklagelse i sikte..

IV: Eg er jo framleis svolten, så trur eg må ha mat.. Satsar på kveite denne gongen.
MO hadde i mellomtida fått desserten sin, petit fours.
MO: Perfekt storleik på ein dessert! Akkurat nok søtt.
IV fekk snart middagen sin, men det vanka framleis ikkje noko unnskuldning frå nokon si side vedrørande det lange lyse håret mellom pastaen og blekkspruten.

Karakter: G
Lokalet er jo kult i seg sjølv, det kan nok bli veldig positivt til sommaren når sola kjem fram. Men, maten var i små porsjonar og ikkje noko å rope hurra for - heilt greit. Unntaket var dagens fangst, som verkeleg var smakfull og svara til forventningane. At ein så dyr stad med så profilert plassering og fokus på god sjømat og service ikkje klarar å beklage hår i maten, er uakseptabelt. Det minste dei kunne gjere, var å by på dessert eller gratis middag. Det er slett ikkje bra! Trass kjendisar, og tydeleg litt meir velståande klientell elles, er dette ikkje ein stad vi er veldig begeistra for, og det spørst om vi gidd ta turen tilbake for å sjekke ut brasseriet.

Bordpraten handla naturleg nok i stor grad om hår i maten, og særskilt kor uheldig IV har vore. Ho har funne hår i maten fleire stader, på vårt første møte fann ho sågar PLAST i maten! Ein annan teori, kan vere at vi andre goflar i oss maten utan å merke ev. framande lekamer.. Vi prata også litt om EV og hennar nye tilværelse i varmare strøk, og konkluderte med at ein tur dit kunne freiste, tross at motet svikta litt etter opplysningar om bratte bakkar og dårleg bussforbindelse.. Vi vonar ho er attende til neste møte!

Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
The quotes are great
Dollie 26.12.2016

The quotes are great but they way they are laid out is awful. Why arn#7e821&;t they just all on one page. This is a nightmare to navigate via a mobile device

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no