Ein måndag i slutten av mars, var fusgur ute for å teste det nyaste tilskotet på Løkka; Dyre Vaa. Litt ulike kritikkar var lesne på førehand, men vi var absolutt klare for å teste utan fordomar på korkje godt eller vondt!
MO: oooo nice, veldig fresht lokale!
IV: Og mykje god mat på menyen, eg MÅ ha blåskjel.. skal dåkke ha dessert? Kan eg ta forrett då?
IV fekk bestilt seg blåskjel, med gorgonzola og skinke ? ein ny og spanande variant.
Servitørane var raskt på plass, og menyane var allereie delte ut og vatn var på plass i glasa.
Denne gongen var vi ikkje veldig oppfinnsame, så IV og EV satsa på dagens ? svin indrefilet med braissert bacon, og resten prøvde seg på pannestekt rødspette.
Brød og smør kom også på bordet, og med svoltne magar hogg vi innpå medan IV kosa seg med forretten.
IV: Litt merkeleg blanding med skinke i blåskjela..
SD: Jeg syntes det lukta litt sure sokker her, men nå når jeg vet at det er gorgonzola så ble det jo noe helt annet ? det er jo godt!
Det varte og rakk før maten kom på bordet, ikkje mindre enn 50 minutt måtte ihelsvoltne damer vente. Det er for lenge til å vere akseptabelt, og ikkje kom det nokon forbi for å beklage heller.
SD: Skal vi bare stikke på McDonalds i stedet?!?! Jeg er vanvittig sulten!
Idet vi var i ferd med å forlate bygninga, dukka endeleg maten opp.
IV: Eh. Kjøtet mitt og sausen min er faktisk nesten heilt kaldt?
SD: Å, hadde jeg tenkt på at dette var helstekt fisk, skulle jeg bestilt noe annet. Fryktelig mye ben i det!
MO: Eg syntest det var veldig veldig godt, men bein er det ? heilt klart.
EV: Mitt kjøt var også ganske lunkent.. nedtur..
Sandra åt i det stille, og behandla fisken på ein mykje meir delikat måte enn MO, som maltrakterte heile fisken etter jakt på bein.
IV sa frå til servitøren at alt var kaldt, og fekk tilbod om nytt baconstykke ? noko ho takka nei til med lange ventetida friskt i minne. Varm saus kom på bordet, og hjalp bittelitt.
Til dessert satsa SD og MO på å dele eit stykke Earl Grey Sjokolademousse, som var ein ny men slett ikkje ille kombinasjon.
Karakter: NG
Maten var heilt ok, men stort minus for kald mat og vanvittig lang ventetid. Veldig bra lokale, nytt og innbydande, med gode fasilitetar. Minus for manglande merking av WC. Trur ikkje dette er ein plass vi besøker igjen, men det er kun pga manglande tempo og service ? mykje kunne vore redda på den måten. Det er hard konkurranse i bransjen for tida, og det bør dei nok ta til seg.
Diskusjonen gjekk denne gong eindel på kald mat og treig service, samt at MO fortalde om plassen vi satsar på å besøke neste gong. Vi gler oss allereie! IV har fått ny jobb, og det er sjølsagt stas. Litt snakk om hytter/hus i Sverige kom også opp som emne, og dei sedvanlege politiske debattane vart også litt oppheita? eh.
Brukeranmeldelser
Thats going to make
Helene 25.12.2016
Thats going to make things a lot easier from here on out.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024